831 millionar kroner meir i frie inntekter til Sør-Trøndelag neste år

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Sør-Trøndelag og Sør-Trøndelag fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2015 til 2016. Veksten er rekna frå overslag på rekneskap for 2015.

Kommune Overslag 
på frie inntekter 2016 
(1 000 kr)
Vekst frå overslag på rekneskap 2015-2016 Vedlike- haldspakke 
(1 000 kr)
   Nominelle
kroner
(1000 kr)
Prosent  
  1 2 3 4
         
1601 Trondheim 8 613 393 418 178 5,1 17 856
1612 Hemne 227 963 9 274 4,2 412
1613 Snillfjord 72 811 1 983 2,8 95
1617 Hitra 249 841 7 943 3,3 446
1620 Frøya 268 081 9 816 3,8 455
1621 Ørland 265 321 20 580 8,4 499
1622 Agdenes 120 877 6 677 5,8 168
1624 Rissa 364 824 11 324 3,2 640
1627 Bjugn 250 910 15 158 6,4 455
1630 Åfjord 192 972 5 506 2,9 313
1632 Roan 72 032 2 564 3,7 94
1633 Osen 77 874 2 880 3,8 95
1634 Oppdal 354 296 14 902 4,4 662
1635 Rennebu 154 026 6 762 4,6 247
1636 Meldal 216 372 9 522 4,6 380
1638 Orkdal 596 079 25 200 4,4 1 131
1640 Røros 298 401 9 513 3,3 543
1644 Holtålen 121 255 3 419 2,9 193
1648 Midtre Gauldal 343 517 13 171 4 607
1653 Melhus 802 029 27 138 3,5 1 541
1657 Skaun 400 949 20 059 5,3 743
1662 Klæbu 300 727 13 130 4,6 583
1663 Malvik 657 987 28 032 4,4 1 312
1664 Selbu 236 305 10 773 4,8 394
1665 Tydal 59 165 1 796 3,1 83
Fordelast gjennom året 61 400      
Sør-Trøndelag 15 379 408 695 299 4,7 29 947
         
Sør-Trøndelag fylkeskommune 3 569 374 135 541 3,9 -

Veksten i kostnadane i kommunesektoren (deflator) i 2016 er anslått til 2,7 prosent. All vekst over 2,7 posent er dermed ein realvekst.

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2016, målt i 1000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå overslag på rekneskap for 2015 til nasjonalbudsjettet 2016 målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.

Fjerde kolonne:
Som ein del av den særskilte tiltakspakka for auka sysselsetting føreslår regjeringa eit eingongstilskot til kommunane på 500 millionar kroner til vedlikehald og rehabilitering av skular og omsorgsbygg. Midlane kjem i tillegg til veksten i kommunane sine inntekter og er fordelt etter innbyggjartal per 1. juli 2015. Kolonne 4 viser den einskilde kommune sin del av tilskotet.