Digitalt seminar om klimarisiko i Statens pensjonsfond utland

Finansdepartementet inviterer til digitalt seminar om klimarisiko i SPU fredag 20. august kl. 10:00-11:30. Seminaret blir sendt direkte på regjeringa.no. Det er inga førerhandspåmelding.

Nett-tv Digitalt seminar om klimarisiko i Statens pensjonsfond utland

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Finansdepartementet satt ned ei ekspertgruppe 4. februar 2021.  Ekspertgruppa skulle sjå på betydninga av finansiell klimarisiko og klimarelaterte investeringsmoglegheiter for eit fond som SPU under ulike føresetnader. Rapporten gruppa har utarbeidd blir presentert på seminaret.

Program 20. august:

  • Innleiing ved finansminister Jan Tore Sanner
  • Ekspertgruppa sine vurderingar ved Martin Skancke
  • Klimarisiko i Statens pensjonsfond utland ved visesentralbanksjef Øystein Børsum
  • Kommentar ved Katinka Holtsmark, Universitetet i Oslo
  • Kommentar ved Thina Saltvedt, Nordea
  • Spørsmålsrunde
  • Avslutning ved finansministeren

Spørsmål til deltakarane

Alle som ønsker kan sende inn spørsmål på førehand og undervegs til presse@fin.dep.no. Vi kan dessverre ikkje love at alle spørsmål blir stilt under seminaret.

Bakgrunn

Ekspertgruppa for klimarisiko i Statens pensjonsfond utland - regjeringa.no

Gruppa var leia av Martin Skancke (styreleiar i PRI, medlem av TCFD og styremedlem i Storebrand).

Dei andre medlemene:

  • Kristin Halvorsen (direktør for CICERO)
  • Tone Bjørnstad Hanstad (investment professional i Ferd)
  • Karin S. Thorburn (professor ved NHH)

Sekretær for gruppa: Thomas Ekeli (tidlegare sjeføkonom i Folketrygdfondet)

Ekspertgruppa sin rapport blir publisert på regjeringa.no når seminaret startar.

Pressekontakt

Kommunikasjonsrådgivar Bjørnar Angell, tlf. 952 00 350.

Om sendinga

Pressekonferansen blir filma av Departementas sikkerheits- og serviceorganisasjon (DSS), og blir sendt direkte på regjeringa.no. Der kan ein òg laste ned videofila i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til medium som vil sende seminaret direkte. Kontaktperson for dette er å nå på telefon 22 24 88 45 eller dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønsker å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider kan bruke følgande embedkode:

<div id='wowza_player'></div><script id='player_embed' src='//player.cloud.wowza.com/hosted/shpfvryz/wowza.js' type='text/javascript'></script>