Diplom for geodata mot korona og strandsøppel

Dette innhaldet er meir enn 30 dagar gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert. Du finn oppdatert informasjon på temasida Koronasituasjonen.

Geografiske data blir nytta i kampen både mot koronaviruset og mot søppel på norske strender. No får initiativtakarane diplom og heider frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Nasjonalt geodataråd.

Diplom blir også gitt for bruk av geodata til utvikling av byar og tettstader. Bakgrunnen for diplomdrysset er eit ønskje om å vise fram nytteverdien av geodata, eller geografiske data.

- Dette er gode døme på korleis geografiske data kan nyttast til gode og nyttige føremål, heilt i tråd med regjeringas geodatastrategi, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup.

- Vi er alle avhengige av geografisk informasjon kvar einaste dag, som når vi vil vite når bussen går eller korleis været blir. Oppdaterte og tilgjengelege geodata vil også bidra til å forenkle og effektivisere offentlig sektor, til innovasjon og verdiskaping i næringslivet og til ei berekraftig og inkluderande samfunnsutvikling, seier Astrup.

Beredskapsetaten i Oslo kommune og Fylkesmannen i Oslo og Viken får kvar sitt diplom for løysingar som gir oversikt over koronautviklinga. Senter for oljevern og marint miljø og Hold Norge Rent blir heidra for bruken av geodata i kampen mot marin forsøpling.

Offshore Simulator Centre AS får diplom for bruk av geografiske data til å lage 3D-modell, eller digital tvilling, av byar eller tettstader.

Diplomutdelinga skjedde digitalt og fysisk i Oslo på fredag.

Heile 37 bidrag kom inn etter at verksemder, organisasjonar, etatar og einskildpersonar tidlegare i haust blei oppfordra til å sende inn gode døme på løysingar basert på geografisk informasjon.

Roar Skålin er leiar for Nasjonalt geodataråd og rosar vinnarane for nytenking og kreativitet.

- Det er også gledeleg å sjå at mange av bidraga er så aktuelle. Det er verktøy som blir nytta til å handtere pandemien, men også døme på at kommunar og etatar har brukt den situasjonen vi er i, til å utvikle nye digitale løysingar. Desse vil bidra til effektivisering også etter at pandemien er over, seier Skålin, som til dagleg er direktør ved Meteorologisk Institutt.

Nasjonalt geodataråd er oppnemnd av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Det skal bidra til samarbeid om og bruk av geodata, og gir råd om oppfølgjing av nasjonale strategiar for felles geografisk infrastruktur. Kartverket er nasjonal geodatakoordinator og sekretariat for rådet. Se nettsia til Kartverket for fleire døme på god bruk av geodata. 

Geodata er data med direkte eller indirekte referanse til ein bestemt stad. Det kan til dømes vere adresser, grenser, stadnamn, høgder og terreng. Geografisk informasjon, staddata, kartdata og geodata blir ofte nytta om einannan.

 

Det blei kåra vinnarar i tre kategoriar, og dette er årets vinnarar:

Tiltak i offentleg sektor som gir betre og meir effektive prosessar

Her er det to vinnarar.

Oslo kommune Beredskapsetaten: Statistikk over smitta i Oslo.

Denne løysinga er ei digital kartløysing kombinert med statistikk som syner aktuell smittesituasjon og utvikling av koronasmitte. Det er ei intern løysing som grunnlag for vedtak i kriseleiinga i Oslo kommune. Den legg grunnlag for god informasjonsutveksling mellom etatane, og for oppfølging og disponering av personellressursar. Det er og ei offentleg løysing for å gi informasjon til publikum og næringsliv. Løysingane kan brukast av andre kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn og vil vere aktuelle å ta i bruk i andre situasjonar og på andre område av forvaltninga.

Nettside: https://www.oslo.kommune.no/koronavirus/statistikk-for-oslo/

 

 Fylkesmannen i Oslo og Viken: Situasjonsrapportering til fylkesmannen om Covid-19.

Løysinga her er intern og har avgrensa innsyn på grunn av innhaldet og omfanget av data. Det er ein datamodell og ein kartløysing som syner utviklinga i smittetal veke for veke i kvar kommune , testkapasitet, tilgang til personell og kritisk kompetanse, tenestetilbod til sårbare grupper med meir. Dette er eit godt verktøy for Fylkesmannen i den vidare oppfølginga og handsaminga av pandemien, og i rapporteringa til Helsedirektoratet.

 

Beste løysing som kombinerer data til ny kunnskap

Senter for oljevern og marint miljø (SOMM) og Hold Norge Rent: «Rydde» og «Rent hav»

Overordna vil løysinga bidra til mindre plastforureining, betre miljø og auka kunnskap. Løysinga har to komponentar: «Rydde» er ei nasjonal løysing for å stimulere frivillige til å rydde avfall, melde frå om avfall og gi kunnskap om avfall. Til no i 2020 er det registrert 3481 aksjonar med til saman 26 000 frivillige som har rydda over 1000 tonn avfall. «Rent hav» er løysinga som har vore brukt av stat, regional forvaltning, friluftsråd og andre for betre samhandling om reduksjon av marin forsøpling. Løysingane gir eit koordinert oppryddingsarbeid, betre ressursdeling, enklare mobilisering og informasjon og eit betre kunnskapsgrunnlag om marin forsøpling. Løysinga er nyttig for dei som faktisk gjer jobben med å rydde og for forvaltninga. Løysinga kan truleg førast over til andre område der frivillige blir brukt til å gjere arbeid også. Løysingane er direkte knytt til berekraftmål 14 og 15 (livet i havet og livet på land).

Nettsider: www.ryddenorge.no og www.renthav.no  («Rydde» finst også som app)

 

Beste kommersielle teneste eller produkt

Offshore Simulator Centre AS:  Augmented City

Løysinga lagar ein digital tredimensjonal visualisering (3D-tvilling) av tettstader, byar og fylke. Denne kan nyttast som grunnlag i planprosessar og når politikarar skal fatte vedtak. Løysinga er og nyttig i kommunikasjon med publikum. Verdiskapinga ligg i moglegheita til enkelt å visualisere eigne data saman med geografiske grunndata. Slik får ein oversikt over både utfordringar, nye løysingar og forhold knytt til sakshandsaming. Løysinga kan ta inn ulike typar data og visualisere desse i tre dimensjonar.

Nettside: www.augmentcity.no