Historisk arkiv

Drosjereguleringa på høyring: Større konkurranse i byane, godt tilbod i distrikta og ei seriøs drosjenæring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Regjeringa ønsker ein velfungerande drosjemarknad som gir eit enda betre tilbod til dei reisande. Ny teknologi har endra folks forventningar til drosjetilbodet. I lovforslaga som vi no sender på høyring føreslår vi å gjere det enklare for nye aktørar å etablere seg. Vi ønsker større konkurranse i byane og moglegheit for bruk av ny teknologi, samtidig sikrar vi tilbodet i distrikta. Det nye regelverket skal òg ivareta tryggleiken til dei reisande og bidra til ei ryddig og seriøs drosjenæring, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Samferdselsdepartementet sender i dag ut eit omfattande høyringsnotat med forslag til lovendringar som regulerer drosjenæringa.

- Etterspurnaden etter drosje i byane er stor. Her vil open konkurranse regulere bransjen. Folk er vant med enkel tilgang til transporttenester gjennom bruk av mobilapplikasjonar. Med ei liberalisering kan nye aktørar etablere seg, så lenge dei følger lovar og reglar. Vi er opptekne av å ha ei seriøs drosjenæring, seier samferdselsministeren.

I lovforslaget er det tatt høgde for distrikta sine særskilde behov. Lokale styresmakter vil få moglegheit til å sikre eit tilfredsstillande drosjetilbod der marknadsløysing åleine ikkje gjev eit godt nok tilbod.

- Ein arbeidsgruppe jobbar med å sjå på moglegheitene for å erstatte taksameter med ein enklare, billigare og teknologinøytral løysing. Gruppa legg fram ein rapport frå arbeidet ved nyttår. Dei eventuelle forslaga i rapporten kan setjast i kraft samstundes med dei nye lovendringane, seier Dale.

Behov for endringar i drosjenæringa
Utviklinga i drosjenæringa over tid har gjort at Samferdselsdepartementet har sett nærare på drosjemarknaden og drosjereguleringa. Konkurransen i marknaden fungerer ikkje godt nok, og det er varierande grad av kvalitet på tenestene. Marknaden for drosje har endra seg mykje sidan reguleringa blei innført. Den teknologiske utviklinga i marknaden har i stor grad endra folk sine forventningar til drosjetenester. Behovet for endringar har også blitt understreka  av ei grunngitt fråsegn frå ESA og rapporten frå Delingsøkonomiutvalet samt rapportene frå Konkurransetilsynet og Forbrukerrådet.

Foreslår å fjerne behovsprøvinga og oppretthalde løyvekravet
I høyringsnotatet legg departementet opp til å fjerne behovsprøvinga av drosjeløyver, som i dag avgrensar talet på aktørar i drosjemarknaden.

Lokale styresmakter vil altså ha mogelegheit til å sikre eit tilfredsstillande drosjetilbod. Dette kan gjerast ved at fylkeskommunane kan gi einerettar til enkelte aktørar. Eit reguleringssystem med høve til å gi einerettar harmoniserer med organiseringa av kollektivtransport i dag. Fylkeskommunane kan fastsetje ønsket transportstandard gjennom krav i kontraktane, medrekna opningstider, stasjoneringsstad og prisar i kontraktane som vert inngått med næringa.

I dag treng alle som driv drosjetransport løyve. Samferdselsdepartementet foreslår å oppretthalde dette kravet vidare. Det vert likevel gjort framlegg om å lempe på krava for å kunne få tildelt løyve, ved at det vert foreslått å fjerne kravet om fagkompetanse og kravet om å kunne stille økonomisk garanti. I staden vert kravet om fagkompetanse flytta over til bilførar.

Når det gjeld førar av drosje, vert det gjort framlegg om å innføre eit fagkompetansekrav for å kunne få kjøresetel for drosje. Bakgrunnen for endringsforslaget er at det er førar av drosje som har direkte kontakt med transportbrukarane. Særleg med omsyn til transport av barn, eldre og brukarar med nedsett funksjonsevne meiner departementet det er behov for eit fagkompetansekrav for å kunne få kjøresetel. Gjennomføring av prøva vil skje på norsk. Vi foreslår også at det skal vere eit krav om å ha hatt førarkort for personbil i to år for å få køyresetel for drosje.

Fristen for høyringa er 1. januar 2019. Samferdselsdepartementet vil deretter gjennomgå alle innspela før det vert fremma forslag til Stortinget.

Sjå høyringsnotatet her.