Eigenorganisert aktivitet:

Tilskot til aktivitetsparkar i Nedre Eiker, Kongsvinger og Trondheim

Kulturdepartementet gir til saman drygt 11,8 millionar til tre aktivitetsparkar for eigenorganisert aktivitet. Anlegga er lokalisert i Nedre Eiker, Kongsvinger og Trondheim.

- Den organiserte aktiviteten er særs viktig, men vi må ta inn over oss at mange ønskjer å drive med aktivitetane sine utanfor idrettslaga. Skal vi ta vare på måla i idrettspolitikken må vi leggje til rette òg for dei som driv med eigenorganisert fysisk aktivitet, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

Tilskotsordninga for nyskapande aktivitetsarenaer blei lansert ved hovudfordelinga av spelemidla i 2017. For 2017 er det sett av 35 millionar kroner. Ordninga har ikkje søknadsfrist, og søknader blir handsama fortløpande.

Det blir no gjort tre tildelingar:  

Aktivitetsparken i Kongsvinger skal liggje sentralt i byen og innehalde ulike installasjonar og apparat for eigenorganisert aktivitet, til dømes klatreinnretningar, trampolinebaner, balanseapparat. Parken mottar 3 844 000 kroner i tilskot frå den nye ordninga.

Aktivitetsparken i Nedre Eiker skal liggje ved tusenårsstaden i Krokstadelva, og vil mellom anna ha skate/BMX/sparkesykkel-område, klatreområde, treningsapparat for eldre og petanque. Parken mottar 4 000 000 kroner i tilskot frå den nye ordninga. 

Trondheim kommune ønskjer å utvikle eit friområde på Byåsen til aktivitetsanlegg. Anlegget skal innehalde sykkelløype, ballbane som blir islagt om vinteren, skatepark og frisbeegolf. I tillegg er det planar om turstiar, skotthyllbane og sosiale møteplassar. Området skal bli lyssett slik at det kan bli brukt heile året. Parken mottar 4 000 000 kroner i tilskot frå den nye ordninga.