Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Statsbudsjettet 2020:

Eit budsjett for konkurransedyktige og grøne arbeidsplassar

Ei fortsatt sterk satsing på forsking og innovasjon, og tiltak som skal bidra til det grøne skiftet er viktige prioriteringar for Nærings- og fiskeridepartementets forslag til statsbudsjett for 2020.

– I løpet av det siste året har 40 000 fleire fått jobb i private bedrifter. Gjennom næringspolitikken ønsker vi å legge til rette slik at bedriftene kan vekse og skape fleire nye jobbar, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Grøn omstilling

Sjølv om norsk økonomi er inne i ein god periode, må vi framleis omstille oss. Budsjettet for 2020 inneheld fleire forslag som gjev insentiv til å ta grøne val.

Regjeringa foreslår å tilføre nær 700 millionar kroner til Nysnø Klimainvesteringer.

– Nysnø skal bidra til det grøne skiftet ved å gjere lønnsame investeringar i teknologi som reduserer klimagassutslepp, seier Røe Isaksen.

Investerer i kunnskap

Ein berekraftig og sunn havøkonomi er viktig i kampen mot klimaendringane. Regjeringa foreslår å løyve 55 millionar kroner til forprosjektering av Ocean Space Laboratories for 2020. 

– Å realisere Ocean Space Laboratories vil vere den viktigaste nasjonale kunnskapsinvesteringa for framtidig verdiskaping i havnæringane, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Regjeringa foreslår å løyve 5 millionar kroner til auka innsats mot marin forsøpling.

Overvaking av havet

Regjeringa foreslår også å styrkje overvakingsinnsatsen langs kysten med 10 millionar kroner. Formålet er særleg å styrkje overvakinga av hav- og kystøkologien med tanke på algeoppblomstringar i fjordane.

– For å vere i stand til å utnytte dei store moglegheitene for verdiskaping som ligg i havet og- kystområda våre treng vi meir kunnskap. Vi må ha en betre beredskap, slik at vi kan bistå næringa med informasjon om til dømes algeoppblomstring, på eit tidleg tidspunkt, seier fiskeri- og sjømatminister Harald Tom Nesvik (FrP).

Atomopprydding

Regjeringa styrkjer også innsatsen for opprydding etter Noregs nukleær verksemd og sikring av Noregs atomanlegg. Samla utgiftsløyving av det nukleære området er på 638 millionar kroner.

– Vi begynner nå på ein historisk stor og dyr oppryddingsjobb etter den nukleære aktiviteten på Kjeller og Halden. Det kan komme til å ta nesten 70 år og koste over 20 milliardar kroner, seier Røe Isaksen.

 

Viktige satsingsområde på Nærings- og fiskeridepartement sitt budsjett:

 

Nysnø Klimainvesteringer AS: Nysnø skal bidra til det grøne skiftet ved å gjere lønnsame investeringar i teknologi som reduserer klimagassutslepp. Regjeringa foreslår å tilføre 700 millionar kroner til Nysnø Klimainvesteringer i 2020.

Ocean Space Laboratories: Regjeringa foreslår å 55 millionar kroner til forprosjektering av Ocean Space Laboratories for 2020. 

Innovasjon Noreg - styrking av låneramme for innovasjonslån: Ved å nytte lån framfor tilskot vil Innovasjon Noreg finansiere eit større tal innovative prosjekt, og mobilisere meir privat kapital. Ramma for landsdekkjande innovasjonslån blir auka med 200 millionar kroner i 2020, til 1,4 milliardar kroner.

Grøn skipsfart: 20. juni blei handlingsplanen for grøn skipsfart lagd fram. Handlingsplanen skal hjelpe til å realisere regjeringa sin ambisjon om å halvere utsleppa frå innanriks skipsfart og fiske innan 2030, og å stimulere til utvikling av null- og lågutsleppsløysingar i kategoriane til alle fartøya. Regjeringa i statsbudsjettet for 2020 å styrkje innsatsen innan grøn skipsfart med til saman 100 millionar kroner (budsjettet til Klima og miljødepartementet).

Det nukleære området: Regjeringa styrkjer innsatsen for oppryding etter Noregs nukleær verksemd og sikring av Noregs atomanlegg. Samla utgiftsløyving av det nukleære området er på 638 millionar kroner.

Vidareføring av nivå i ESA sine frivillige program: ESA er det viktigaste verkemiddelet for utvikling av norsk romteknologisk næringsliv og kompetanse. Regjeringa foreslår at Noreg vidarefører deltakinga si i ESA sine frivillige program på dagens nivå. Regjeringa vil innføre ei øvre grense for årlege innbetalingar til ESA. Summen av årlege bidrag som følgjer av nye og gjeldande forpliktingar skal ikkje overstige 45 millionar euro. Det svarar til om lag 440 millionar kroner for 2020.

Noregs forskingsråd: Regjeringa foreslår å styrkje stønaden til næringsliv sine eigne FOU-prosjekt med 10 millionar kroner og ei styrking av basisbidraget til dei teknisk-industrielle institutta med 20 millionar kroner.

Auka innsats mot marin forsøpling i Noreg: Regjeringa foreslår å styrkje arbeidet mot marin forsøpling i Noreg, med 5 millionar kroner. Løyvinga skal gå til oppfølging av samarbeidsavtalen med næringa, "plastavtalen", og til tilskot til "fishing for litter". Vidare blir Fiskeridirektoratets arbeid med opprenskingstokt og destruksjon av eigarlaust avfall styrka.

Marin forsking -  nytt overvakingssystem: Algekrisa ramma oppdrettarane, næringsliv og lokalsamfunn i Nord-Noreg hardt våren 2019. Det blir derfor foreslått å setje av 10 millionar kroner over Havforskningsinstituttets budsjett til å byggje opp eit nytt overvakingssystem i kystsona som blant anna skal kunne varsle algeoppblomstring.

Til toppen