– Noreg og Europa har ein ambisiøs klimapolitikk. Dette regelverket skal bidra til at det blir sett ein lik pris på klimagassutslepp frå produksjon av varer, anten dei blir produserte i Noreg, EU eller i andre land. Det meiner eg er bra for norsk industri og norske arbeidsplassar, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

CBAM-lova blei vedteken av Stortinget 12. juni. Det er for tidleg å seie når lova trer i kraft, fordi nokre formelle krav står att. Først må EØS-komiteen vedta at CBAM skal innlemmast i EØS-avtalen. I tillegg må Alltinget på Island godkjenne at CBAM blir ein del av islandsk lov, slik Stortinget nett har gjort i Noreg.

Regjeringa har som mål at CBAM skal gjelde fullt ut frå 2027.

Autorisering av aktørar

 Styresmaktene arbeider samstundes med å gjere det mogleg for aktørar som skal importere CBAM-varer, å søkje om å bli autoriserte så tidleg som mogleg. For å importere CBAM-varer til Noreg må aktørar vere godkjende som CBAM-deklarantar. Skatteetaten vil ha ansvar for autoriseringa.

Klima- og miljødepartementet oppmodar importørar av CBAM-varer over ei viss mengd til å starte førebuingane, slik at søknader kan behandlast raskt når lova trer i kraft.

Les om kva du må gjere for å bli autorisert

Meir om CBAM på Miljødirektoratets nettsider

Dette er CBAM

  • CBAM, eller Carbon Border Adjustment Mechanism som forkortinga står for, er ei ordning frå EU som skal sørgje for at det blir sett ein lik pris på klimagassutslepp frå produksjon av bestemte varer, uansett om dei er produserte i Noreg, EU eller blir importerte frå andre land.

  • Ordninga gjeld visse varer frå sektorane sement, elektrisitet, gjødsel, jern og stål, aluminium og hydrogen som blir importerte frå land utanfor EØS.

  • Miljødirektoratet, Skatteetaten og Tolletaten får ulike roller i gjennomføringa.

  • EU har vedteke endringar som gjer ordninga enklare og meir effektiv for næringslivet.

  • Miljødirektoratet har hovudansvaret og koordinerer forvaltninga av CBAM i Noreg. Sjå Miljødirektoratet sine nettsider.