Historisk arkiv

Ekstraordinær generalforsamling: Namneendring frå Norges Statsbaner AS til Vygruppen AS vedtatt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Eit samrøystes styre i NSB, inkludert representantane til dei tilsette, meiner at det er riktig å endre namn. Eg har sagt at eg ikkje vil motsette meg ønsket til styret. Generalforsamlinga har i dag dermed vedtatt namneendringa, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

[Oppdatert 22. mars kl. 12.05 med setninga "I generalforsamlinga bad...]

12. mars blei det gjort kjent at Norges Statsbaner (NSB) går inn for å samle persontogverksemda og bussverksemda under ei felles merkevare med det nye namnet Vy.

I generalforsamlinga bad eigar selskapet om å gjennomføre merkevare- og namneendringa på ein kostnadseffektiv måte.

Om Vygruppen AS
Vygruppen AS er eit aksjeselskap fullt ut eigd av staten ved Samferdselsdepartementet.

Vygruppen er eit av Noregs største transportkonsern og har i tillegg verksemd i Sverige. Selskapet består av verksemdsområda persontog, buss, bybil og reiseliv. I tillegg eig Vygruppen godstogverksemda CargoNet. Selskapets hovudkontor ligg i Oslo.

Vygruppens samfunnsoppdrag er å sørge for effektiv, tilgjengeleg, sikker og miljøvenleg transport av personar og gods. Selskapet skal drive persontrafikk med tog i Noreg, transport av personer og gods i Noreg og andre nordiske land, og verksemd som står i naturleg samanheng med dette.

For fleire opplysningar – sjå: