Oppstart for E134 Røldal – Seljestad

Måndag 19. mai sette samferdselsminister Jon-Ivar Nygård første spadestikk for strekninga E134 Røldal - Seljestad. – Dette er første etappe for ein ny og tryggare veg mellom Seljestad og Røldal – eit prosjekt som vil få stor betydning for heile regionen, og for aust/vest-forbindinga i landet, sa Nygård under markeringa.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård med første spadestikk på E134 Røldal-Seljestad i Vestland
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård med første spadestikk på E134 Røldal-Seljestad i Vestland. Foto: Jakob Vorren

Vegen opp mot Haukelifjell har vore prega av tronge tunnelar utan midtstripe og dårleg stand. Det har vore ei utfordrande strekning for tungtransporten, særleg på vinterstid. Med ny tunnel fjernast ein av dei store flaskehalsane på E134, og tungtransporten vil kunne spare 18 minutt på strekninga.

Prosjektet omfattar 12,7 kilometer ny veg i tunnel, og vil gje vesentleg betre standard og stigningsforhold. Ny veg vil gi betre framkomme og føreseielegheit for både varer og reisande. Statens vegvesen tek sikte på trafikkopning i 2031. Strekningen er første del av utbetring mellom Vågsli og Seljestad i Vestland.