Historisk arkiv

Falstadsenteret får forskingsoppdraget ”Krigsgraver søker namn”

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjedepartementet har gitt Falstadsenteret oppdraget med å skaffe kunnskap om identiteten til om lag 10 000 ukjende sovjetiske falne som vart gravlagde i Noreg under siste verdskrigen.

Kultur- og kyrkjedepartementet har gitt Falstadsenteret oppdraget med å skaffe kunnskap om identiteten til om lag 10 000 ukjende sovjetiske falne som vart gravlagde i Noreg under siste verdskrigen.

Tysk og russisk arkivmateriale frå krigen som no er gjort offentleg tilgjengeleg i ein database, gjer dette norske forskingsprosjektet mogeleg.

Av dei sovjetarane som vart gravlagde her under siste verdskrig, er om lag 10 000 ukjende. Falstadsenteret får eit tilskot på 1,1 million kroner frå departementet for at identiteten skal bli kjent til så mange som råd av dei falne sovjetarane. Prosjektet skal setjast i  verk i 2009 og er venteleg avslutta i løpet av neste år.

Det var to søkjarar til prosjektet, Falstadsenteret og Nord-Norsk Fredssenter  - Krigsminnemuseet i Narvik.

Departementet valde å gi oppdraget til Falstadsenteret etter ei samla vurdering av  metodikk, kompetanse, organisering og budsjett.