Historisk arkiv

Færre arbeidslause i 2018

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet

– 2018 blei et godt år på arbeidsmarknaden. Regjeringa bruker no dei gode tidene til å få enda fleire i jobb. Vi helser 2019 velkomen som eit år for meir inkludering, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie.

Nye tal frå Nav syner at arbeidsløysa framleis går nedover. Frå november til desember i år blei det om lag 900 færre heilt ledige, justert for normale sesongvariasjonar og eit brot i statistikken. I 2018 var det i snitt 65 500 registrert heilt arbeidslause. Det utgjer 2,4 prosent av arbeidsstyrken. Ein må ti år tilbake i tid for å finne lågare arbeidsløyse.

Anniken Hauglie i blå kjole utendørs foran banner i lilla og rosa med "inkluderingsdugnaden" på.
– 2018 blei et godt år på arbeidsmarknaden. Vi helser 2019 velkomen som eit år for meir inkludering, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie. Foto: ASD

– Norske verksemder vil trenge mykje arbeidskraft framover. For å unngå at dei enten ikkje finn folka dei treng eller må hente folk utanfrå, er det særs viktig å mobilisere arbeidsstyrken vår. Difor tek vi no nye grep for å gjere inkluderingsjobben så lett som mogeleg, seier Hauglie.

– Det speler ingen rolle om du har vore sjuk, manglar kompetanse eller har ei funksjonshemming. Alle fortener ein ny sjanse. La 2019 bli året der di bedrift opnar dørene, oppfordrar statsråden.

Fakta om arbeidsløysa