Felles innkjøpsavtalar for statlege verksemder

Kongen i statsråd har i dag gitt Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) fullmakt til å inngå felles avtalar om kjøp av varer og tenester for statlege verksemder.

– Felles avtalar vil forenkle og effektivisere innkjøpsprosessar, og gi betre og meir gunstige kjøp for staten, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Felles avtalar vil hovudsakleg bli inngått på område som har stort volum og der statlege etatar har like behov.

Avtalane vil vere obligatoriske for verksemder i statsforvaltninga. Verksemdene kan velje å stå utanfor einskilde avtalar. Dette må meldast i forkant av konkurransane.

Difi har oppretta ei særskild eining, Statens innkjøpssenter, for å vareta felles avtalar. Konkurransane om dei fyrste felles innkjøpsavtalane vil etter planen kunngjerast i fyrste halvdel av februar.