Presseinvitasjon:

Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran til Sunnmøre

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) reiser til Ålesund for å opne Verftkonferansen tysdag 2. november. I tillegg skal Skjæran besøke bedrifter på Hareid og i Ulsteinvik.

– Eg gleder meg stort til å besøke Sunnmøre og treffe stolte aktørar frå den maritime næringa. I åra som kjem skal vi kutte utslepp og auke digitaliseringa. Det vil gi store moglegheiter for norske reiarlag, verft og leverandørindustrien. Saman med næringa vil regjeringa sikre at utvikling av grøn skipsfart blir eit viktig norsk bidrag til å redusere dei globale utsleppa, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.

Dette er Skjærans første reise som fiskeri- og havminister. Skjæran kjem til Ålesund mellom anna for å opne den årlege Verftkonferansen. Konferansen blir arrangert av Norsk Industri og samlar sentrale aktørar innanfor verfts- og utstyrsleverandørar, reiarlaga, maritime tenesteleverandørar, forskingsmiljø og styresmakter.

Fiskeri- og havministeren fortset dagen med å besøke Ulmatec på Hareid og Ulstein Verft i Ulsteinvik.

Program:

09:10 – 09:40
Pressetreff om maritim politikk
Kystverket, Sorenskriver Bulls gate 3, Ålesund

10:30 – 11:30
Opning av Verftkonferansen 2021
Scandic Parken, Storgata 16, Ålesund

12:30 – 13:30
Besøk hos Ulmatec
Strandgata 25, 6060 Hareid

14:15 – 14:40
Besøk hos Ulstein Verft
Osnesvegen 110, 6067 Ulsteinvik

Kontakt:

Presse som ønsker å dekke besøket kan kontakte kommunikasjonsrådgjevar Yngve Angvik på 459 56 199 eller Yngve.Angvik@nfd.dep.no.