Presseinvitasjon:

Fiskeri- og havministeren til Helgeland

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran deltar på utdelinga av Dronning Sonjas skulepris til Sandnessjøen vidaregåande skule torsdag 2. desember. Deretter vil han besøka havbruksbedrifter i Mosjøen og Mo i Rana fredag 3. desember.

– Den gjævaste prisen i skule-Noreg blir delt ut til Sandnessjøen vidaregåande skule. Det er ein høgtideleg dag, og eg gleder meg til å møte lærarar, elevar og tilsette, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.

Skjæran si reise til Helgeland byr òg på fleire bedriftsbesøk. Aker Solutions og Mowi i Sandnessjøen får besøk torsdag. Turen går vidare til Shmil i Mosjøen og Mo Industripark fredag.

Kontakt

Presse som ønsker å dekke reisa kan kontakte kommunikasjonsrådgjevar Yngve Angvik på 459 56 199 eller Yngve.Angvik@nfd.dep.no.

Program

Torsdag:

10:45
Overrekkelse av Dronning Sonjas skulepris for inkludering og likeverd 2021
Stad: Sandnessjøen vidaregåande skule, Norvikveien 47, Sandnessjøen

14:00
Besøk til Aker Solutions i Sandnessjøen
Stad: Strendene 45, Sandnessjøen

15:00
Besøk til Mowi
Stad: Torolv Kveldulvsons gate 39, Sandnessjøen

Fredag:

09:00
Besøk til Shmil i Mosjøen
Stad: Åremvegen 99, Mosjøen

11:30
SINTEF Norlab
Stad: Mo Industripark, Mo i Rana

12:15
Kvarøy Smolt AS
Stad: Mo Industripark, Mo i Rana