Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Fiskerikontrollutvalet overleverer innstillinga si 29. november

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Utvalet som skal gi råd om framtidas fiskerikontroll overleverer innstillinga si (NOU) til fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik fredag 29. november.

Kontrollutvalet har sett på korleis ny teknologi kan gi auka tryggleik for at norsk fisk på marknaden er lovleg fiska og omsett. Utvalet har også sett på korleis styresmaktene kan auke effekten av dei samla kontrollressursane og forbetre evna til å avdekkje og straffe dei som bryt lova med viten og vilje.

Nett-tv Fiskerikontrollutvalet overleverer innstillinga si 29. november

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

- Kampen mot lovbrot sjømatnæringa er spesielt viktig for Noreg og omdømmet vårt som ei av dei største sjømatnasjonane i verda. Vi har heilt tydeleg framleis utfordringar. Det viser for eksempel saka frå sist veke der ein avdekte eit omfattande nettverk som har fanga og omsett kongekrabbe for fleire millionar kroner, seier fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik.

Målet med arbeidet til utvalet har vore å få ein meir effektiv nasjonal kontroll, ein enklare kvardag for næringa og auka tillit til norsk sjømat i krevjande sjømatmarknader.

Utvalet har vore leia av direktør Magnar Pedersen i forskingsinstituttet Nofima.

Tid: fredag 29. november kl. 09.00 - 10:30
Stad: Nærings- og fiskeridepartementet, Kongens gate 8

Lenkjer:

Skal gi råd om framtidens fiskerikontroll