Statsministeren på FNs generalforsamling

Statsminister Erna Solberg leier denne veka Noregs delegasjon til FNs 73. generalforsamling i New York.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide og statsminister Erna Solberg møter pressa på eit tak i New York før FNs generalforsamling.
Utanriksminister Ine Eriksen Søreide og statsminister Erna Solberg møter pressa før høgnivåuka på FNs generalforsamling. Foto: Sunniva Furset/Utanriksdepartementet

Ho drar til FN for å fremje arbeidet for berekraftig utvikling og bruk av havet, diskutere berekraftmåla og fremje det norske kandidaturet til ein plass i FNs tryggingsråd.

Statsminister Erna Solberg i salen til FNs sikkerhetsråd
Statsminister Erna Solberg i salen til FNs tryggingsråd 23. september 2018. Foto: Pontus Höök/NTB scanpix

Statsministeren skal ha fleire bilaterale møte med andre stats- og regjeringssjefar. Ho skal også delta i diskusjonar om internasjonal handel, klima og jenters utdanning og helse.

FNs generalsekretær António Guterres og statsminister Erna Solberg sammen med skolebarn foran Nobels Fredssenter i Oslo.
FNs generalsekretær António Guterres og statsminister Erna Solberg sammen med skolebarn foran Nobels Fredssenter i Oslo. Foto: Olav Evang/Forsvaret

Søndag møter statsministeren FNs generalsekretær António Guterres og pådrivargruppa for berekraftmåla. Statsministeren har ei særskild rolle som leiar for pådrivargruppa.

Statsminister Erna Solberg på fiskebåt i Mehamn.
Statsminister Erna Solberg fisker utanfor Mehamn. Foto: Eirin Larsen/Statsministerens kontor

Måndag leier statsministeren det første møtet i det internasjonale høgnivåpanelet for berekraftig havøkonomi. Les meir om panelet her: www.oceanpanel.org.

Same dag deltek Solberg på eit høgnivåmøte om fred i samband med 100-årsjubileet for Nelson Mandelas fødsel. Seinare på dagen deltek ho på ein FN-konferanse om hav og status for berekraftsmåla. Om kvelden deltek statsministeren på Atlantic Council Global Citizen Award, der ho tek imot ein pris.

Nelson Mandela
Nelson Mandela. Foto: Utanriksdepartementet

Tysdag er statsministeren til stades på opninga av FNs generalforsamling. Seinare på dagen deltek ho mellom anna på eit møte om generalsekretæren sitt initiativ Action For Peacekeeping, om styrking av fredsoperasjonane. Ho er også til stades på mottakinga Goalkeepers, i regi av Gates Foundation. Tema for mottakinga er berekraftsmåla.

Statsminister Erna Solberg holder Norges hovedinnlegg på FNs 73. generalforsamling.
Statsminister Erna Solberg holder Norges hovedinnlegg på FNs 73. generalforsamling. Foto: FN

Onsdag deltek statsministeren i eit panel om globalt leiarskap og handel på Bloomberg Business Forum, og på FNs generalsekretærs klimamøte. Seinare på dagen deltek ho på klimakonferansen One Planet Summit. Onsdag kveld held statsministeren det norske hovudinnlegget til FNs generalforsamling.

Torsdag deltek statsministeren mellom anna på eit høgnivåmøte om arbeidet mot ikkje-overførbare sjukdommar, og på ein høgnivådebatt om kvinners rolle i økonomisk vekst. 

Til toppen