Historisk arkiv

Foreslår 100 millionar kroner ekstra for å kunne sikre eit grunnleggjande togtilbod

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- For å ta høgde for ei større uvisse om løyvingsbehovet som følgje av smitteutviklinga, foreslår regjeringa å løyve 100 millionar kroner ekstra til statleg kjøp av persontransport med tog. Dette gjer det mogleg for togselskapa å tilby eit grunnleggjande togtilbod fram til sommaren, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Då statsbudsjettet for 2021 blei vedtatt i desember i fjor, løyvde Stortinget 4,6 milliardar kroner til statleg kjøp av persontransport med tog. Av dette var 650 millionar kroner sette av til at staten ved Jernbanedirektoratet kan inngå tilleggsavtaler med togoperatørane om kjøp av persontransport i løpet av første halvår 2021. På grunn av større uvisse om smitteutviklinga føreslår regjeringa no å auke dette beløpet til 750 millionar kroner.

- Sjølv om vi er inne i ein periode med redusert reiseaktivitet, er det naudsynt å oppretthalde eit tilstrekkeleg kollektivtransporttilbod. Dette sikrar at samfunnskritisk personell, som ikkje har andre transportalternativ, kjem seg til og frå arbeid, seier Hareide.

Vurdering av ordning med tilleggsavtalar

Tilleggsavtalane er kjøp av naudsynte tenester som blir tilpassa koronasituasjonen. Jernbanedirektoratet skal forvalte ordninga med tilleggsavtalar innafor gjeldande løyving.  

Jernbanedirektoratet er i ferd med gjennomføre ei oppdatert vurdering av tilleggsavtalane for 2021. Direktoratet skal mellom anna vurdere om det er behov for å kjøpe tenester frå Flytoget. 


For fleire opplysningar - sjå:

  • Hovudpressemelding av 29. januar 2021 frå Statsministerens kontor: Nye økonomiske tiltak i møte med pandemien 

  • Prop. 79 S (2020–2021) - Endringer i statsbudsjettet 2021 under Utenriksdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Kulturdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Samferdselsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Finansdepartementet og Olje- og energidepartementet (økonomiske tiltak i møte med pandemien)