Historisk arkiv

Foreslår ytterlegare 1 milliard kroner til togselskapa for å sikre rutetilbod

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Sjølv om talet på reisande framleis er mykje lågare enn før koronautbrotet, har togselskapa byrja å køyre eit normalt rutetilbod rundt dei store byene. Dette gjer at toga kan køyre med tilstrekkeleg avstand mellom passasjerane, i tråd med tilrådingane om smittevern. Færre reisande betyr inntektstap for togselskapa. No trappar vi opp innsatsen for å få fart på norsk økonomi igjen. Dette gjer det naudsynt å løyve ytterlegare 1 milliard kroner til togoperatørane for å sikre eit tilstrekkeleg togtilbod, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Togtransport bidrar til at samfunnskritisk personell kan reise til og frå arbeid under handteringa av koronapandemien. For å sikre dette, har det vore viktig å oppretthalde eit tilstrekkeleg godt togtilbod.

Etter kvart som samfunnet gradvis har opna opp igjen, har talet på passasjerar auka medan togselskapa i stadig større grad køyrer ordinært rutetilbod rutetilbod rundt dei store byane. I tråd med tilrådingane i smittevernrettleiinga køyrer togselskapa framleis med færre pasasjererar enn før koronautbrotet i mars i år.

 - Vi vil bidra til at landet kjem tilbake på skinner og at fleire permitterte kan byrje å arbeide igjen. Då er det viktig at togtilbodet er dimensjonert for det, seier samferdselsministeren.    

Vidareføring av ordning med tilleggsavtaler
I desember i fjor løyvde Stortinget drygt 4 milliardar kroner til statleg kjøp av persontogtenester på statsbudsjettet for 2020. I april i år løyvde Stortinget 550 millionar kroner ekstra på grunn av koronasituasjonen.

Løyvingsforslaget på 1 milliard kroner som regjeringa legg fram i dag, er ei vidareføring av ordninga med tilleggsavtalar som blei vedtatt i april i år. Midlane gjer det mogleg for Jernbanedirektoratet å inngå nye eller forlengje eksisterande tilleggsavtalar med togselskapa utover hausten, slik at eit tilstrekkeleg togtilbod kan bli vidareført. Den føreslåtte auken i løyvinga skal dekkje ein lengre periode og er difor høgare enn løyvinga som blei vedtatt av Stortinget i april.   

Det er usikkert kor lenge det vil vere behov for tilleggsavtalar. Regjeringa føreslår difor at det vil vere mogleg å overskride løyvinga med inntil 300 millionar kroner, i fall det er naudsynt å forlengje perioden med tilleggsavtaler som følge av smitteverntiltak.

Tilleggsavtalane skal framleis gjelde i ein tidsavgrensa periode og bli avslutta så snart grunntilbodet blir dekt innafor eksisterande avtaler. Regjeringa vil fortløpande vurdere behovet for å forlengje dei mellombelse avtalene. Desse avtalane skal òg bli avgrensa mot andre kompenserande tiltak for å hindre overkompensasjon.

Andre tiltak for dempe negative konsekvensar for togselskapa
Fleire tiltak har blitt innført for å dempe dei negative konsekvensane for togoperatørane. Desse selskapa har blitt kompensert av Jernbanedirektoratet for persontogtenester basert på ordinær ruteplan, sjølv om togtilbodet har vore redusert i samråd med direktoratet på grunn av etterspurnad etter togreiser. Bane NOR har utsett innkrevjing av infrastrukturavgifter. Redusert meirverdiavgift på transport og generelle tiltak for næringslivet kjem òg togoperatørane til gode. 


For fleire opplysningar – sjå: