Forholdstalet for kumjølkkvotar i 2018 aukar

Landbruks- og matdepartementet har i dag gjennomført ekstraordinære kvotedrøftingar med Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag. På bakgrunn av dette har Landbruks- og matdepartementet auka forholdstalet for disponibel kvote frå 0,98 til 0,99 for 2018.

I møte den 14. juni 2018 gjorde Tine som marknadsregulator greie for marknadssituasjonen i inneverande kvoteår og prognosane for mjølkeleveransar og mjølkebehov i 2018. Veret har skapt usikkerheit kring fôrsituasjonen.

Jordbrukets organisasjonar var uroa over fôrproduksjon i inneverande år, og manglande lager av fôr frå i fjor. Etter ei samla vurdering støtta Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag Tine sitt ønske om å heve forholdstalet frå 0,98 til 0,99 for 2018. Basert på råd frå faglaga og diskusjonen i møtet, sluttar Landbruks- og matdepartementet seg til at forholdstalet vert auka frå 0,98 til 0,99 for 2018.