Historisk arkiv

Forskar på internasjonalt sidersamarbeid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Norske og utanlandske forskingsmiljø går saman med siderprodusentar i Hardanger og vinprodusentar på Balkan for å samle kunnskap om kva som kjenneteiknar merkevarene i dei to regionane. Målet er å sikre at typiske karaktertrekk blir tatt vare på.

Sidernæringa i Hardanger har vore i stor framgang dei siste åra. Frå å vere tre siderprodusentar i 2013 som produserte rundt 45 000 liter sider, er det i dag meir enn 20 lokale produsentar som i 2019 produserte ca. 450 000 liter.

«Sider frå Hardanger» har sidan 2009 vore det første og einaste norske alkoholhaldige produktet med beskytta geografisk nemning. Likevel ser ikkje produsentane grunn til å kvile på laurbæra.

Både i næringa sjølv, blant reiselivsinteresser og i Hardangerrådet er viljen stor til å utvikle regionen og siderproduksjonen vidare. Eit fersk forskingsprosjekt kan vise seg positivt.

Saka fortsett under bilete.

Sider frå Hardanger
"Sider frå Hardanger" er det første og einaste norske alkoholhaldige produktet med beskytta geografisk nemning. Eple frå Hardanger har historie som går gjennom århundrar. Truleg kom dei første epla til Hardanger med munkane på 1300-talet. Foto: Utne Hotel

Handlar om identitet

Siderprodusentar i Hardanger og vinprodusentar på Balkan er nyleg gått saman med forskingsmiljø i dei to regionane for å bidra til å profesjonalisere sider- og vinproduksjonen her i same retning som vindistrikt andre stader har gjort i generasjonar. 

– Burgund og Piemonte er typiske døme på geografisk avgrensa område der kulturell identitet er ein del av forteljinga kring vinane som blir produserte der, seier forskar Ingunn Øvsthus ved NIBIO Ullensvang i Hardanger.

Øvsthus har ansvar for NIBIO sin del av prosjektet der heile ni samarbeidspartar frå fire land er engasjerte. Namnet «Uncorking wine & cider typicality» fortel kva prosjektet handlar om.

Det handlar om å finne fram til dei eigenskapane ved sider frå Hardanger eller vin frå Balkan som er typiske for produkta. Innhald, smak og aroma er delar av denne identiteten. Det er og landskap, klima og kultur.