Regjeringa vil sikre tryggleik for helsa og ein meir samanhengande helseteneste. Endringane gjer at ein enklare kan identifisere og følgje opp pasientar for å førebygge og redusere behov for tenester.

– Erfaringane frå Prosjekt X viser tydeleg at det er behov for betre samhandling mellom kommunar og sjukehus. Det gjer vi noko med no ved å rydde av vegen hindringar for effektiv deling av opplysningar, og vi vil arbeide vidare med dette i regjeringas helsereform, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.

Regjeringa vil:

  • Forenkle samanstilling av opplysningar på tvers av tenestenivå og områder for helsehjelp. Til dømes er reglane for kva registra kan innehalde utforma ulikt.
  • Betre legge til rette for rapportering av privatfinansiert aktivitet.
  • Oppheve unødig ulikskap i korleis registera er regulert
  • Effektivisere forvaltninga av NPR og KPR

– Desse endringane gjer det mogleg å få meir og betre informasjon om pasientane slik at helsepersonell kan følgje dei betre opp, seier Vestre.

Bruk av registera i helsehjelpa til enkeltpersonar

Regjeringa vil i tillegg at ein skal kunne bruke opplysningar i registera til helsehjelp til enkeltpersonar, og foreslår ei ny føresegn i pasientjournallova og endringar i forskriftene om høvesvis KPR og NPR som skal opne for dette.

– Erfaringane vi har gjort i Prosjekt X-piloten på Akershus universitetssjukehus og Ullensaker kommune, er at data frå desse pasientregistera er viktige for å fange opp pasientar som ein bør inkludere når ulike delar av helsetenestene skal samarbeide om pasienten. Dette kan bidra til færre reinnleggingar og meir målretta ressursbruk, fortel Vestre.

Opplysningar frå registera skal kunne inkluderast i pasientoppsummeringar for pasientar som oppheld seg i andre EU/EØS-land slik at behandlaren har den informasjonen som er nødvendig for å kunne gi god helsehjelp.