Forslag vil gi deltidstilsette fortrinnsrett til del av ei utlyst stilling

Regjeringa foreslår å presisere i lova at deltidstilsette kan ha fortrinnsrett til ein del av ei utlyst stilling og at Tvisteløsningsnemnda sine avgjerder skal ha rettskraft.

– Vi opnar no for at ein deltidstilsett arbeidstakar kan gjere krav på å tre inn i ein del av ei utlyst stilling, viss det ikkje er til vesentleg ulempe for arbeidsgivar. Ein vesentleg ulempe kan typisk være at arbeidsgivar blir sittande med ei upraktisk reststilling som er vanskeleg å skaffe folk til.

Reell sjanse til full stilling

– Vi vil med denne presiseringa sikre deltidstilsette ein reell sjanse til å få full stilling og på samme tid ta omsyn til kva bedriftene treng, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie. 

Endringar i arbeidsmiljølova

Det er særskilt ein dom fra Noregs Høgsterett tidligare i år som er bakgrunnen for forslaga i høringa. Høringa inneheld forslag til endringar i arbeidsmiljølova som vil gi:

  • deltidstilsette fortrinnsrett til ein del av ei utlyst stilling, viss det ikkje er nokon vesentleg ulempe for arbeidsgivar og arbeidstakar er kvalifisert for stillinga.
  • Tvisteløsningsnemnda sine avgjerder rettskraft.
  • klargjøring av søksmålsfristen for Tvisteløsningsnemnda sine avgjerder.