Første møte i dialogforum for næringsmiddelindustrien
Nyheit | Dato: 20.10.2026 | Landbruks- og matdepartementet
Måndag blei første møte i Dialogforum mellom myndigheitene den landbruksbaserte næringsmiddelindustrien halde.
– Det var et eit godt første møte i det nye dialogforumet. Næringsmiddelindustrien bidreg til å oppretthalde nasjonal produksjon og vidareforedling av landbruksprodukt over heile landet. Dei utgjer ein viktig del av beredskapen i matvareforsyninga. Det er verdifullt å kunne møtast og få innspel frå kvarandre, seier landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen (Ap).
I fjor vart det lansert eit eige vegkart for den landbruksbaserte næringsmiddelindustrien, etter dialog med industrien om utfordringar industrien står overfor. Dialogforumet er eitt av resultata av det. Industrien får moglegheit til å diskutere tema som vedkjem industrien på tvers av til dømes storleik, eigarform og produksjon. Nasjonal matproduksjon vert meir og meir viktig i ei meir uroleg verd, der det samstundes er større utfordringar knytte til klima og miljø. I beredskapssamanheng står produksjon av jordbruksvarer og industriens foredling heilt sentralt. EØS og norsk påverknad av regelverket er eit anna område som er tema i veikartet. Landbruksdirektoratet og Mattilsynet sitt arbeid med dette er no styrkt.
Regjeringa prioriterer arbeidet med beredskap høgt. Dialogforumet gjev rom for dialog om kva industrien kan forvente av styresmaktene og kva som er forventa av industrien sjølv.
– Gode innlegg som me også fekk i dag om kva industrien treng til dømes med tanke på rekruttering, er verdfulle i regjeringas videre arbeid for matfaga og praktisk opplæring.
Vegkartet peikar på eksisterande politikk som er viktig for industrien, og som regjeringa vil vidareføre.
På grunnlag av dialogen med industriens organisasjonar, bedrifter, relevante forskings- og utdanningsinsitiusjonar og virkemiddelaktørarr identifiserte vegkartet seks nøkleområde:
- Råvarer, sjølvforsyning og matvareberedskap
- Marknad- og konkurransekraft
- Grøn omstilling
- Arbeidskraft, utdanning og rekruttering
- Forsking, utvikling og innovasjon
- EØS-regelverk