Historisk arkiv

Første møte i Oslofjordrådet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Det første møte i Oslofjordrådet finn stad tysdag 24. august kl. 10. - Regjeringa etablerer no Oslofjordrådet for å få alle involverte med på laget for å gjere fjorden rein og rik igjen, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

I den heilskaplege tiltaksplanen for Oslofjorden som regjeringa la fram i mars blir det lagt vekt på å samordne, supplere og forsterke alt det positive som skjer for å ta vare på miljøet i og ved Oslofjorden. Det nye Oslofjordrådet får i hovudoppgåve å sikra at den heilskaplege tiltaksplanen blir gjennomført. Kommunane  rundt Oslofjorden, fylkeskommunane og organisasjonar som arbeider med Oslofjorden er ein del av Oslofjordrådet. 

Fluefisker i solnedgang i Oslofjorden
Miljøet i Oslofjorden er truga og torskebestanden er på eit historisk lågt nivå. Regjeringa opprettar Oslofjordrådet for å samordne innsatsen med å gjere fjorden rein og rik igjen. Foto: Snorre Tønset/KLD

- Vi kan ikkje sjå på at fjorden, som betyr så mykje både for menneske og dyr, er sjuk. No må vi handle for å gjere Oslofjorden frisk. Difor har Regjeringa lagt fram ein plan med tiltak som hjelpe naturen, og til dømes vil bidra til å auke torskebestanden, gi ærfuglane gode leveområde og legge til rette for friluftsliv for alle, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

1,6 millionar menneske bur rundt Oslofjorden. Oslofjorden er òg eit viktig reisemål for turistar, særleg om sommaren. Tiltaka i planen vil gjere fjorden meir attraktiv og verdfull for dei fastbuande, for dei tilreisande og ikkje minst for sjølve miljøtilstanden i fjorden.

Miljøet i Oslofjorden er truga. Torskebestanden er på eit historisk lågt nivå. Ærfugl døyr. Tareskogen og ålegrasengene blir mindre. Miljøgifter gjer at vi ikkje bør ete fisk og skaldyr frå delar av fjorden. Marin forsøpling og mikroplast er eit alvorleg miljøproblem.

Samordna innsats på tvers av kommunar, næringar og samfunnssektorar er naudsynt for å nå målet om ein rein og rik Oslofjord.

Oslofjordrådet
Oslofjordrådet vart konstituert 24. august 2021. Oslofjordrådet består av aktuelle departement, kommunane, fylkeskommunane rundt fjorden og Oslofjorden friluftsråd. Foto: Martin Lerberg Fossum

Last ned bilete her.

Møtet vert streama på:

Fagseminar om helhetlig plan for Oslofjorden - Miljødirektoratet (miljodirektoratet.no)