Føreslår forbod mot fossil gass til oppvarming av bygg
Nyheit | Dato: 24.06.2026 | Klima- og miljødepartementet
Regjeringa føreslår at det skal bli forbod mot å brenne fossil gass for å varme opp bustader, næringsbygg og landbruksbygg frå 2028. Eit forbod vil redusere norske klimagassutslepp og bidra til at Noreg når klimamåla sine.
– I regjeringa sin plan for Noreg slår vi fast at vi skal nå klimaforpliktingane våre. Dersom vi skal klare det, er vi nøydde til å kutte klimagassutsleppa jamt og trutt. Eit nasjonalt forbod mot fossil gass til oppvarming av bygg vil bidra til å kutte betydelege utslepp i Noreg, samstundes som fossil gass kan erstattast med oppvarming frå til dømes straum, biogass eller fjernvarme, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Reduserer utslepp
Oppvarming av bygningsmassen i Noreg er stort sett fossilfri, men om lag 1–2 prosent av oppvarminga av bustader, landbruks- og næringsbygg skjer ved bruk av fossil gass. I 2024 utgjorde desse utsleppa 224 000 tonn CO₂-ekvivalentar, eller om lag 0,5 prosent av dei totale utsleppa i Noreg.
Totalt er klimagassutsleppa frå oppvarming av bygg reduserte med over 80 prosent i Noreg sidan 1990, mellom anna som følgje av innføringa av forbodet mot oljefyring i 2020. Eit forbod mot fossil gass til oppvarming vil innebere at det ikkje lenger er lov å bruke nokon form for fossil energi til oppvarming av bygg i Noreg.
Ut på høyring
Miljødirektoratet sender forslaget om forbod mot bruk av fossil gass til permanent oppvarming ut på høyring i dag på vegne av Klima- og miljødepartementet.
Du finn høyringsforslaget her.
Høyringsfristen er 27. oktober 2026.
FAKTA
Hovudpunkta i forslaget som no blir sendt på høyring er:
- Forbod mot bruk av fossil gass til oppvarming av bygningar.
- Forbodet blir føreslått å tre i kraft 1. januar 2028.
- Det blir føreslått dei same permanente unntaka som i forbodet mot mineralolje til oppvarming, som mellom anna opnar for unntak av omsyn til forsyningstryggleik, ved driftsforstyrringar og ved særlege grunnar.
- Det blir føreslått eigne reglar for gassrøyrleidningsnett der det er ei blanding av fossil gass og fornybar gass. Brukarar av fyringsanlegg kan berre kjøpe fornybar gass, og gassleverandørar må dokumentere at tilsvarande mengd fornybar gass er tilført gassrøyrleidningsnettet, og at same mengd ikkje er selt til andre kundar.