Historisk arkiv

Framlegg om å endre kringkastingslova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kulturdepartementet sender i dag på høyring eit framlegg om endring i kringkastingslova og kringkastingsføresegna. Høyringsnotatet inneheld fleire framlegg til oppmjuking av lovverket om reklame og sponsing, med det som mål å betre konkurranseevna og finansieringsmuligheitene til norske kommersielle kringkastarar.

- Norske kommersielle kringkastarar konkurrerer i ein global marknad.  Det er difor viktig å sørge for gode rammevilkår som kan bidra til å oppretthalde eit mangfald av norske kringkastarar, seier kulturminister Thorhild Widvey

Norske fjernsynskanalar konkurrer med utanlandske kanalar som i mange høve er underlagt meir liberal reklameregulering. Dette gjer at utanlandske tv-kanalar får eit  konkurransefortrinn, fordi regelverket i andre land gjennomgåande er meir liberalt enn det norske.

- Ei oppmjuking av reklamereglane i tråd med reguleringa i andre EØS-land vil bidra til å styrke dei norske kommersielle kringkastarane si konkurranseevne, seier Widvey.

Høyringsnotatet inneheld desse framlegga til endring av kringkastingsregelverket:

  • Høve til å ta i bruk nye reklameteknikkar, som reklame på delt skjerm og virtuell reklame.
  • Oppheving av regelen om at reklame ikkje kan overstige 15 prosent av dagleg sendetid.
  • Mindre detaljerte reglar for reklameavbrot.
  • Opning for identifikasjon av sponsor i program, enkeltinnslag i program og i programtrailerar. Oppheving av kringkastingslova § 3-5

Les høyringsnotatet her