Nett-tv Rapport om risikotilstanden på sokkelen

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Tid: Fredag 5. juni kl. 09.00. Oppmøte for påmeldt presse frå kl. 08.30.

Stad: Presserommet i R6, Teatergata 9 i Oslo. 

Påmelding: Presse kan melde seg på ved å sende e-post til info@ed.dep.no innan torsdag 4. juni kl. 16.00.  

Ta med pressekort og gyldig id.

Presse som ikkje har høve til å vere til stades på pressekonferansen kan sende inn spørsmål til info@ed.dep.no med teksten «Risikotilstand» i emnefeltet. Avsendar-adressa må vere registrert hjå eit mediehus eller oppgi frilansoppdrag. Me kan ikkje garantere at det blir tid til å stille alle spørsmåla på pressekonferansen.

Pressekonferansen blir filma av Digitaliseringsorganisasjonen til departementa (DIO) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DIO distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende arrangementet direkte. DIO kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dio-lydogbilde@dio.dep.no.

Presse og andre aktørar som ønskjer å bygge nett-tv-sendingane inn på nettsidene sine finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.

Pressekontaktar er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@ed.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Fanny Løvholm, telefon 40 24 87 43, e-post fanny.lovholm@ed.dep.no.