Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 2/2017

Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om Melchiorgarden i Norddal som er tildelt Bedriftsutviklingsprisen i landbruket i Møre og Romsdal 2017.

Melchiorgarden fekk bedriftsutviklingspris

Petter Melchior og Torunn Ljøen frå Melchiorgarden i Norddal er tildelt Bedriftsutviklingsprisen i landbruket i Møre og Romsdal 2017. Gjennom tradisjonell geitmjølkproduksjon, kjekjøttforedling, bærforedling og turisme har gardbrukarparet skapt ei robust bedrift, som gir eit godt økonomisk resultat.

Vinnerne av Bedriftsutviklingsprisen, Torunn Ljøen og Petter Melchior.
Torunn Ljøen og Petter Melchior på Melchiorgarden fekk bygdeutviklingsprisen for Møre og Romsdal 2017. Foto: Synnøve Valle/Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Det er Innovasjon Norge i Møre og Romsdal som deler ut prisen. Juryen har gitt følgjande grunngiving for årets pristildeling til Melchiorgarden:

"Kandidaten har hatt god omsetning og et positivt økonomisk resultat de siste årene. Pr dato sysselsetter selskapet 5 årsverk gjennom hele året. Herav halvparten kvinner. I tillegg engasjerer de mange personer som sesonghjelp gjennom sommeren. Dette er gjerne skoleungdom - eller utenlandsk arbeidskraft. Melchiorgarden opprettholder drifta på bruket i Norddal og har skapt trygge arbeidsplasser for seg selv, og de som sysselsettes gjennom sesongen.

Melchiorgarden er en av partene som bidrar til å opprettholde drift av Herdalsetra som ligger i verdensarvområdet i Stranda/Norddal. Melchiorgarden kombinerer tradisjonell mjølkeproduksjon fra geit med dyrking og videreforedling av bringebær, videreforedling av kjekjøt og reiseliv. Kombinasjonen gjør at de har flere ben å stå på, og gjør bedriften mer robust mot eventuelle svingninger i markedet. Melchiorgarden har skapt aktivitet som også gir ringvirkninger for bygda. Melchiorgarden har gjort en ekstra innsats med tanke på å utnytte kjekjøt kommersielt. De er foregangspersoner med tanke på å vise hvor verdifull denne ressursen er. I tillegg til egenverdien i konseptet til Melchiorgarden, er de også gode ambassadører for norsk landbruk."

Bedriftsutviklingsprisen i landbruket er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for bedrifter eller personer som har etablert ei vellykka bedrift eller næring med basis i bygdene og landbruket sine ressursar. Føremålet med prisen er blant anna å synleggjere gode resultat frå landbruksrelatert næringsutvikling. I kvart fylke vert det kåra ein fylkesvinnar og desse konkurrerer så om den nasjonale prisen.

Kandidatene vert vurderte etter følgjande kriterium:

  • Økonomisk resultat/lønsemd
  • Sysselsetjing, særleg for kvinner og ungdom
  • Sosial og miljømessig berekraft, herunder utnytting av lokale ressursar, fortrinn og ringverknader i lokalsamfunnet
  • Nyskaping/originalitet

Det blir kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50 000 kroner. Vinnaren deltek i konkurransen om den nasjonale prisen som er på 250 000 kroner.

Kontaktpersoner:
Innovasjon Norge: v/Steinar Johnsen, mob. 907 75 104.
Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Synnøve Valle, 
fmmrsyva@fylkesmannen.no, tlf. 71 25 84 28.

Stor interesse for kurs i bruksutbygging

Bruksutbygging i landbruket er ein krevjande prosess med mange vanskelege val. Påfyll av kompetanse og erfaringshenting frå andre kan derfor vere avgjerande for å lykkast. Landbruk Nordvest, Innovasjon Norge og Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterte nyleg til kurs for bruksutbyggarar i Molde. Vel 50 interesserte møtte fram. 

Kurs i  bruksutbygging.
Kurs i bruksutbygging. Foto: Synnøve Valle/Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Her bidrog bønder som sjølve har vore bruksutbyggarar, bankar og offentleg og privat rådgivingsapparat. Dei generelle råda som gjekk igjen frå innleiarane si side, var: Bruk god tid på planleggingsprosessen og lær av andre sine erfaringar. Jon Geirmund Lied frå Landbruk Nordvest rådde forsamlinga til å bruke «tre år til planlegging og tre månader til gjennomføring».  – Vegvalsprosessen må ikkje vere ei hastesak og må inkludere alle involverte, meinte han. Bjørn Steinar Skarbø, også han frå Landbruk Nordvest, viste til at grunnlaget for suksess eller fiasko vert lagt i planleggingsfasen. – Innhent minst tre ulike tilbod frå entreprenørar og tenk grundig gjennom val av entrepriseform. Ver ryddig og rettferdig overfor tilbydarane, sa han. Lasse Krogseth frå Tine understreka det viktige i å lage ein god driftsplan – med realistiske tal for planlagt produksjon og godt samsvar mellom driftsplan og ressursane på bruket. 

Gardbrukar Øyvind Krakeli delte sine erfaringar om korleis han og familien hadde gjennomført bruksutbygging på bruket sitt. Han poengterte også kor viktig det er å ta seg god tid i planleggingsfasen. Han var også oppteken av at grunnarbeidet ikkje måtte undervurderast. Mange utbyggarar har planar om å gjere grunnarbeidet sjølv, men dette åtvara Krakeli mot: - Det er viktig at utbyggar tenkjer seg om både ein eller 2 gonger når det gjeld eigeninnsatsen i byggeprosjektet. Mest mogleg av arbeidet bør setjast ut til fagfolk slik at ein kan få høve til å konsentrere seg om å halde i gang produksjonen og ikkje tape inntekter. Det kan fort skje, om bonden sjølv blir for oppteken med byggeprosjektet, sa Øyvind Krakeli. 

Moderne kufjøsar er store, komplekse byggeprosjekt. Her frå Bådalen i Averøy kommune.
Moderne kufjøsar er store, komplekse byggeprosjekt. Her frå Bådalen i Averøy kommune. Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Kontaktperson:
Synnøve Valle, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, fmmrsyva@fylkesmannen.no, tlf. 71 25 84 28. 

Utvalde kulturlandskap i Møre og Romsdal

Utvalde kulturlandskap i jordbruket er landskapsområde med store kulturhistoriske og biologiske verdiar, forma gjennom langvarig og kontinuerleg tradisjonell bruk. Satsinga med utvalde kulturlandskap vart etablert i 2009, og er eit samarbeid mellom landbruks-, miljø- og kulturminnemyndigheitene.

Hjørundfjorden sett frå nord.
Hjørundfjorden sett frå nord. Foto: Arnold Hoddevik/Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Kvart år blir dei utvalde kulturlandskapa tildela tilskot som skal vere med på å sikre ei langsiktig forvalting, skjøtsel og vedlikehald av dei verdiane som finns i områda. Satsinga kan vise til gode resultat og tilbakemeldingar, og er trekt fram som ein hensiktsmessig måte å forvalte miljøverdiar i jordbrukets kulturlandskap på. Og på bakgrunn av dette vart det i 2016 vedteke at ordninga skulle utvidast med fleire område.

I Møre og Romsdal er det til no to område som har fått status som utvald kulturlandskap. Det eine er fjellgardane og seterdalane i Øvre Sunndal, som fekk status allereie i 2009. Naturen i Øvre Sunndal er svært dramatisk, med skogkledde stupbratte lier og breie dalar. Her finns et aktivt jordbruk , men òg fleire gamle gardar som er haldne godt i hevd. I tillegg finns det store biologiske verdiar knytt til dei kalkrike og artsrike seterdalane.

Det andre utvalde kulturlandskapet er Alnes på Godøya. Alnes er eitt av ti områder som fekk status no i 2017, og er eit døme på typisk fiskarbondelandskap på nordvestlandet. På Alnes kommer samanhengen mellom dei tradisjonelle næringsvegane, kombinasjonen mellom landbruk og fiske, tydeleg fram i landskapet. I tillegg finns det viktige naturtypeførekomstar her, blant anna naturbeitemarka i Alneslia som er ei av dei viktigaste på ytterkysten av Møre og Romsdal.

Gamle seterhus i Norangsdalen, innerst i Hjørundfjorden.
Gamle seterhus i Norangsdalen, innerst i Hjørundfjorden. Foto: Arnold Hoddevik/Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Arbeidet med å utvide ordninga med nye områder skal holde fram til 2020. Forslag til nye områder skal sendast inn til Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet, som til slutt vel ut områda. Frå Møre og Romsdal vil det no i haust bli sendt inn eit forslag på området Norangsdalen- Hjørundfjorden. Dette området har alle dei kvalitetar som skal til for å stå fram som eit utvalt kulturlandskap, og ikkje minst er både kommunen og grunneigarar positive til at det kan få denne statusen.

Kontaktperson: Rådgivar Ragnhild Naug Aas, 
fmmrraaa@fylkesmannen.no, tlf. 71 25 85 19.

Stor interesse for tilskot til drenering i Møre og Romsdal

Frå 2013 vart det innført eit tilskot til drenering av dyrka jord. Føremålet med tilskotsordninga er å betre kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksjord, for å auke jordbruksproduksjonen. Det er også eit mål å redusere risikoen for erosjon og avrenning til vatn og vassdrag.

I årets jordbruksforhandlingar ble partane einige om å leggje større vekt på drenering som klima- og miljøtiltak gjennom å doble tilskotssatsane for drenering. Frå og med 1. juli .2017 utgjer tilskotet 2000 kroner per dekar og 30 kroner per løpemeter grøft. I samband med innføring av dei nye tilskotssatsane bad Landbruksdirektoratet alle fylka melde tilbake om status og behov for auka ramme i 2017 innan 15. september.

Dreneringsgrøfter i Skodje.
Dreneringsgrøfter i Skodje. Foto: Arnold Hoddevik/Fylkesmannen i Møre og Romsdal

På starten av året fekk Møre og Romsdal tildelt ein million til drenering, noko som var ei halvering frå fjorårets tildeling. Etter at dei nye tilskotssatsane blei innført, har søkinga på dreneringstilskot auka i fylket, og dette har medført eit større behov for tilskotsmidlar. I september meldte difor Fylkesmannen inn eit behov for auka ramme på ein million kroner til Landbruksdirektoratet, som seinare vart innvilga.

Nyheita om denne ekstra tildelinga vart motteken med stor entusiasme av kommunane, som òg håpar på stor interesse for drenering neste år.

Kontaktperson: Rådgivar Ragnhild Naug Aas
fmmrraaa@fylkesmannen.no, tlf. 71 25 85 19.

Bedrifter frå Møre til Grüne Woche 2018

Lokalmat- og serveringsbedrifter frå Møre og Romsdal deltek på IGW 2018 saman med bedrifter frå Fjordfylka.

Heile 20 bedrifter frå fjordfylka skal delta på messa i 2018.

Region Vest samla i Bergen i oktober 2017.
Region Vest samla i Bergen i oktober 2017. Foto: Ingerid Wembstad/Matarena, Bergen

Frå Møre og Romsdal er desse med:

Smia og Mætt & Go frå Kristiansund med Stian Røsand og Olav Jørgensen som driv restaurantane Smia Fiskerestaurant og Mætt & Go Eteri Og Landhandleri AS  i Kristiansund.

Brubekken Gårdsmeieri frå Gjemnes med Stein Brubæk driv gard og seter med kyr og geit. Han sel kjøt, smør, rømme, kvite og brune ostar. Stein er særs oppteken av å ta vare på den gamle budeie- og seterkulturen.

Drågen Smokehouse held til i Fræna og er driven av Petter Aune. Aune produserer økologisk røykt laks, gravlaks og røykt ørret. Produksjonen blir gjennomført etter gamal handverkstradisjon.

Romsdalsgårdene frå Rauma ved leiar Guttorm Furmyr og Gudrun Enga Woldstad. Dei har ein av seks gardar som nett har gått saman i eit eige bedriftsnettverk for å samarbeide om marknadsføring, sal og deling av kunnskap. Bedriftene leverer servering, overnatting, vinsmaking og vinkurs, fjellføring, hagevandring og kulturformidling.

Kami Skotholmen frå Fosnavågen ved Magnus Bergseth. Skotholmen er ein restaurant liggjande på ein holme utanfor Fosnavågen på Sunnmøre. Eigarane har fokus på spesielle opplevingar for sine gjestar. Dei nyttar lokale leverandørar og har samarbeid med den vidaregåande skulen i Herøy.

Fleire andre leverer også bidrag

I tillegg til desse kjem ei rad produsentar frå Møre og Romsdal som skal levere varer for smaksprøver og sal i Berlin.

Produkta som kjem i tillegg vil være: Kjeprodukt, frukt, bær, syltetøy, ostar, lefser, flatbrød og salt.

Region vest, som består av fylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, har i år og fått invitasjon til IGW i Berlin 19. – 28. januar 2018. Regionen har knytt til seg Matarena frå Bergen som prosjektleiar.

Eit overordna mål er å profilere merkevara Norge i Berlin. Prosjektet vil arbeide for å skape tettare kopling mellom mat og reiseliv gjennom å vise ein del av mangfaldet av mat og reisemål som finns i fjordfylka. Samarbeidet om IGW skaper auka samarbeid og kunnskap over fylkesgrensene.

Kontaktperson:
Rådgjevar Aud Lindset Drågen,
fmmraudr@fylkesmannen.no, tlf. 71 25 85 73, mob. 908 65 459.

«Romsdalsgårdene» er i gang

Seks gardar som perler på ei snor i Rauma kommune ved fjorden stifta eige bedriftsnettverk.

31. august i år vart nettverket Romsdalsgårdene stifta. Dette etter ein grundig prosess som munna ut i at 6 gardar i Rauma ønskte å gå saman om marknadsføring, sal og kompetansedeling og utvikling.

Romsdalsgardane stifta.
Romsdalsgardane stifta. Foto: Solveig Brøste Sletta

Gardane dette gjeld er:

  • Woldstad Gard v/Guttorm Furmyr som leiar
  • Vingården Tuen
  • Monsås Gard
  • Lensmannsgarden
  • Devold Gard
  • Rosvang Gaard

Stiftinga var markert med ein studietur til alle gardane, formelt møte og lunsj på Woldstad Gard. Representantar frå alle gardane, ordførar og representantar frå Nordveggen i Rauma og representant frå Fylkesmannen deltok på møtet. Hendinga vart og dekt både av  Romsdal Budstikke og NRK Møre og Romsdal.

Kontaktperson: 
Rådgjevar Aud Lindset Drågen, 
fmmraudr@fylkesmannen.no, tlf. 71 25 85 73, mob. 908 65 459.

«Økouka» ei heil veke i Møre og Romsdal

Økouka Møre og Romsdal 2017.
Økouka Møre og Romsdal 2017. Opphavsrett: Norsøk, Tingvoll

Økouka vart i år arrangert i den nye økoparken på Norsøk i Tingvoll.

25. september til 1. oktober. Veka gjekk med mange flotte fagforedrag. Arrangementa tok til med ulike temadagar, som jorddag, korndag, motivasjonsdag om landbruk og mat, temadag om berekraftig måltid, økologisk pubkveld på fredag og familiehelg på laurdag og søndag.

Norsøk som hovudarrangør har oppretta eit samarbeid med Kristiansund Videregående skole v/line for restaurant- og matfag. Dette førte m.a. til at desse elevane med lærarar deltok på korndagen som temadag. Denne dagen var det full sal under seminaret. Åsmund Bjørnstad frå NMBU var særdeles interessant og engasjerande hovudinnleiar. Bonde og gründer Torunn Bjerkreim avslutta dagen med eit engasjerande foredrag om erfaringar ved å dyrke urkorn.

Både dagsamlingane og kveldsarrangementa var godt besøkte. Konklusjonen til arrangørane er at økouka 2018 var vellukka.

Kontaktperson
Rådgjevar Aud Lindset Drågen, 
fmmraudr@fylkesmannen.no, tlf. 71 25 85 73, mob. 908 65 459.