Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 2/2026
Nyheit | Dato: 14.10.2026 | Landbruks- og matdepartementet
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal presenterer ei ny utgåve av Fylkesnytt, med fylgjande tema: Nordisk nettverk for helse og biomateriale, opprydding etter stormen Amy i fjor, klimaplanting og samling for kulturlandskap og verdsarv for Trøndelag og Møre og Romsdal.
Innhold:
Tre, helse og framtidas bygg
Korleis påverkar materiala rundt oss helsa og trivselen vår? Eit nordisk nettverk samlar kunnskap om samanhengen mellom naturmateriale, innemiljø og helse.
Nordisk samarbeid om helse og biomateriale
Nordisk nettverk for helse og biomateriale (Nordic Network on Health and Biomaterials, NNoHBM) blei etablert i 2022. Formålet er å dele kunnskap på tvers av fagområde om korleis tre og andre naturmateriale verkar inn på helsa vår.
Nettverket skal gjere kunnskap om samanhengen mellom helse og materiale meir tilgjengeleg. Det rettar seg mot trevareindustrien, arkitektar, forskarar og offentlege byggherrar.
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal var med på å etablere nettverket og leier det i dag.
Innemiljø og folkehelse
Korleis vi bygger, verkar inn på både klima, miljø og folkehelse. Ifølge WHO er innbyggarar i Europa innandørs om lag 90 prosent av tida.
Innemiljøet består av ei rekke faktorar som påverkar oss, mellom anna temperatur, luftfuktigheit, støy, lys, estetikk, statisk elektrisitet og psykososiale forhold. Materialvala kan påverke fleire av desse faktorane og speler dermed ei viktig rolle for innemiljøet.
Eigenskapar ved tre påverkar innemiljøet
Tre reagerer på temperatur og fuktigheit og kan jamne ut svingingar i inneklimaet. Dette gjeld spesielt ubehandla treverk.
Ubehandla, og særleg nytt treverk gir også frå seg naturlege duftstoff, som eteriske oljar. Stoffa er ein del av immunforsvaret til treet og har antiseptiske eigenskapar. Forskarar undersøker i dag korleis desse eigenskapane kan påverke helsa til dei som oppheld seg i bygget.
Materiale kan påverke helse og trivsel
Romma vi oppheld oss i påverkar korleis vi trivst og har det. Lys, lyd, fargar, utsikt, lukt og materialval er med på å forme korleis vi opplever eit rom. Omgivnadene kan fremme kjensler av ro, tryggleik og trivsel, men også stress og uro.
Fleire studiar tyder på at innemiljø som minner oss om naturen, kan bidra til å redusere stress og auke trivselen. Ei mogleg forklaring er teorien om «biofili», som bygger på ideen om at mennesket har ei medfødd tilknyting til naturen og eit grunnleggande behov for kontakt med naturlege omgivnader.
Denne kunnskapen kan vere relevant når vi planlegg mellom anna skular, sjukehus og næringsbygg.
Sjølv om mykje framleis er under utforsking, peikar fleire studiar mot at tre kan bidra med kvalitetar som strekk seg langt utover det å vere eit byggjemateriale.
Ei langsiktig satsing på tre
Arbeidet med helse og biomateriale bygger vidare på ei langvarig satsing på tre.
Noreg har dei siste 25 åra hatt ei målretta og langsiktig satsing på trebruk. Satsinga har vore forankra i nasjonal politikk og har vore eit verkemiddel innan både distriktspolitikk, trebasert næringsutvikling og klimapolitikk.
Satsinga på tre har skjedd gjennom ei rekke regionale prosjekt, nasjonale nettverk og nordiske samarbeid. I Møre og Romsdal har Statsforvaltaren hatt ei sentral rolle som prosjektleiar for fleire av desse initiativa. Arbeidet har medverka til næringsutvikling, kompetansebygging og forskings- og utviklingsarbeid knytt til trebruk og bioøkonomi.
Store verdiar er berga etter Amy, men mykje arbeid står att
Store verdiar frå vindfallområda i Møre og Romsdal er henta ut og innmålt. Eitt år etter uveret er det tydelege spor etter stormen og framleis behov for opprydding.
Sidan Amy råka fylket i oktober 2025, er det gjennomført ei rekkje tiltak for å få oversikt over og tilgang til skadd skog. Frå Rauma og nordover er det framleis tydelege spor etter stormen, med tre som ligg flate eller står skeive. Fleire område er prega av omfattande oppryddingshogst.
Millioninvesteringar i vegar til vindfelt skog
Gjennom 2026 er det investert meir enn 15 millionar kroner, særleg i skogsbilvegar som har gjort det mogleg å nå område med mykje vindfelt skog. Tingvoll har fått den største delen av investeringane, men også Rauma, Molde, Gjemnes og Sunndal som stadvis vart hardt råka.
Skogandelslag og tømmerkjøparar har meir enn dobla hogstkapasiteten for å berge tømmerverdiane. Trass i store skadar kan mykje av den vindfelte skogen framleis nyttast. Samstundes har ein kjølig og fuktig sommar redusert uttørkinga av tømmeret, medan tømmerprisane har halde seg på eit høgt nivå.
Rekordhogst etter stormen
Hogsten i 2026 ligg an til å bli formidabel. Etter åtte månader var det allereie målt inn meir tømmer enn i heile 2025, og prognosane viser ein auke på mellom 30 og 40 prosent. Den samla hogsten kan dermed passere 400 000 kubikkmeter.
Tingvoll skil seg særleg ut. Ved utgangen av august var det innmålt 88 000 kubikkmeter tømmer, mot ein normal årleg hogst på om lag 30 000 kubikkmeter. Held aktiviteten fram, kan kommunen firedoble normalhogsten innan årsslutt.
Gjenplanting blir neste store oppgåve
Ein viktig grunn til at så store verdiar er berga, er rask oppfølging frå Landbruksdirektoratet, som tidleg løyvde ekstra midlar. Berre i Tingvoll er det bygd over fem kilometer ny skogsbilveg som har gjort det mogleg å berge dei store skogverdiane.
Den største utfordringa framover blir å få alle dei vindfelte areala tilbake i produksjon – med å plante til att. Erfaringane etter Amy gir ingen klare retningar med mykje vindfall i alle typar skog, men behovet for meir stadstilpassa skogbruk er nok ein del av løysinga. Skogeigarane bør velje ein strategi som kan gi ein meir stormsterk skog i framtida.
Klimaplanting – vinn-vinn for klima og skogbruk?
Føremålet med klimaplanting er å auke opptaket av CO₂ frå atmosfæren gjennom etablering av ny skog. Omfanget er aukande i Møre og Romsdal.
Tiltaket legg også grunnlaget for framtidig produksjon av trevirke. I 2026 er det planta over 3 000 dekar som klimaplanting i Møre og Romsdal, som oftast gran på areal som i dag har lite eller ingen skog. Dette er gjerne i glissen lauvskog med liten produksjon. Plantinga vert vanlegvis finansiert gjennom ordninga, slik at grunneigar normalt ikkje har kostnader knytt til etableringa.
Klimaplanting og sal av skogkredittar
Ein skogkreditt er ei klimaeining som representerer eitt tonn CO₂-ekvivalentar som er bunde eller der utslepp er unngått gjennom skogtiltak. Skogkredittar vert omsette i den frivillige karbonmarknaden, der verksemder og privatpersonar kan kompensere for eigne klimagassutslepp.
Kjøp av skogkredittar kan bidra til å redusere det berekna klimafotavtrykket til ein aktør, men kredittane kan ikkje nyttast som frådrag i det offisielle klimarekneskapet. Dei vert i staden rapporterte som eigne klimatiltak eller som del av ei berekraftsrapportering.
Fleire store nasjonale og internasjonale selskap kjøper i dag skogkredittar. Marknaden er likevel framleis i utvikling, og det er knytt utfordringar til mellom anna avtaleverk, dokumentasjon, sertifisering, varigheit og økonomiske vilkår. Fleire aktørar tilbyr ulike former for skogkredittar i Noreg, men så langt er det berre Trefadder som har vore aktive i Møre og Romsdal.
Ingen offentleg involvering
Klimaplanting skjer som regel utan offentleg medverknad og vert normalt ikkje registrert i offentlege system. Skogeigar står i utgangspunktet fritt til å plante på eigne skogareal. Kommunen vert involvert dersom tiltaket omfattar treslagsskifte i edellauvskog, treslagsskifte på meir enn 100 dekar eller planting på innmark.
Tiltak som kan auke skogen sitt opptak av CO₂
Fleire tiltak kan styrkje karbonopptaket i skog. Mellom dei aktive tiltaka er planting på snaue areal eller i glissen lauvskog, treslagsskifte frå lauvskog til gran og meir målretta skogskjøtsel. Også passive tiltak kan bidra, til dømes lengre omløpstid før hogst eller ulike former for vern og bevaring av skog.
Det finst i dag ei eiga tilskotsordning for klimatilskot i det ordinære skogbruket. Den famnar tiltaka tettare planting, suppleringsplanting og gjødsling.
Omfang i Møre og Romsdal
Ifølgje Trefadder er det planta over 3 000 dekar som klimaplanting i Møre og Romsdal i 2026. Tiltaka har i hovudsak vore gjennomførte i Gjemnes og Ålesund. Omfanget er vesentleg større enn tidlegare år, og Trefadder har signalisert at dei ønskjer å halde fram på eit tilsvarande nivå.
I 2025 var det registrert om lag 6 000 dekar planting etter ordinær hogst i skogfondssystemet i fylket. Klimaplantinga i 2026 kjem dermed i tillegg til den ordinære planteaktiviteten, og svarar åleine til om lag halvparten av arealet som vart planta etter ordinær hogst i 2025.
Gevinstar og omsyn
Hovudføremålet med klimaplanting er å binde CO₂, men tiltaket gir òg grunnlag for framtidig verdiskaping gjennom produksjon av trevirke. Klimaplantinga som skjer no, kan på mange måtar samanliknast med den omfattande skogreisinga som tidlegare har prega Vestlandet.
Møre og Romsdal har store areal med glissen og lite produktiv lauvskog som i dag vert lite nytta og i avgrensa grad forvalta. For mange grunneigarar har desse areala låg økonomisk verdi. Samstundes har mykje av arealet høg bonitet, og dermed stort potensial for både auka karbonbinding og skogproduksjon.
Vestlandet har dessutan utfordringar med å sikre tilfredsstillande forynging etter hogst. Klimaplanting kan derfor bidra både til auka opptak av CO₂ og til å styrkje grunnlaget for framtidige skogressursar. Slik kan tiltaket gi gevinstar både for klimaet, skogeigarane og samfunnet.
Samtidig er det viktig at klimaplanting vert gjennomført på eigna areal. Ved val av område må det takast omsyn til naturmangfald, landskapsverdiar, kulturmiljø og friluftsinteresser, slik at klimatiltak ikkje kjem i konflikt med andre viktige samfunnsomsyn.
Felles samling for kulturlandskap og verdsarv
Frå 31. august til 2. september samla om lag 70 deltakarar frå Utvalde kulturlandskap i jordbruket (UKL) og verdsarvområda i Trøndelag og Møre og Romsdal seg på Sunnmøre. Målet var å dele erfaringar, lære av kvarandre og styrke samarbeidet på tvers av fylkesgrensene.
Frå idé til fellessamling
Fleire fylke har tradisjon for regionale samlingar for UKL- og verdsarvområda sine. Også nasjonalt blir slike møteplassar løfta fram som viktige for samarbeid og kunnskapsdeling på tvers av område og fagmiljø.
Ideen om ei felles regional samling oppstod i fjor, då representantar frå Møre og Romsdal deltok på ei samling på Røros. Dei gode erfaringane derfrå gav ideen om å gjennomføre ei større, felles regional samling for alle områda i Trøndelag og Møre og Romsdal.
Det var sett opp felles buss frå Trøndelag til Sunnmøre, som plukka opp deltakarar frå begge fylka undervegs. På reisa fekk deltakarane høve til å bli kjende med kvarandre og sjå noko av breidda i jordbruks- og kulturlandskapet i dei to fylka.
Frå kyst til fjord og fjell
Samlinga starta med felles middag og guida omvising i jugendbyen Ålesund. Deltakarane fekk høyre om den særprega arkitekturen og historia bak gjenreisinga etter bybrannen i 1904.
Dagen etter gjekk turen til Alnes, eit utvalt kulturlandskap kjent for sitt særprega fiskebondelandskap. Lokale representantar fortalde om historia, kystkulturen og landskapet som har prega området gjennom generasjonar. Besøket vart avslutta ved Alnes fyr og opplevingssenter med lunsj og faglege innlegg.
Etter lunsj gjekk ferda vidare til Hellesylt og deretter med ferje inn i verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap – Geirangerfjorden. Undervegs fortalde Storfjordens Venner om historia, kulturarven og kulturlandskapet i fjorden. Deltakarane diskuterte også korleis kulturarven kan takast vare på og samtidig vere tilgjengeleg for folk flest.
I Geiranger besøkte deltakarane Møllstunet, eit freda klyngetun frå 1600-talet. Dei fekk høyre om korleis det er å bu på tunet i dag, og korleis kulturarven bidreg til lokal verdiskaping. Dagen vart avslutta på Hotel Union Geiranger.
Siste samlingsdag gjekk turen til Herdalssetra, eitt av dei mest særmerkte setermiljøa i landet. Her møtte deltakarane eit levande seterbruk og lærte meir om tradisjonell seterdrift og samspelet mellom natur- og kulturverdiar.
Grunnlag for vidare samarbeid
Gjennom tre dagar fekk deltakarane sjå ulike eksempel på korleis kulturarv og kulturlandskap blir forvalta. Dei diskuterte utfordringar, delte erfaringar og henta inspirasjon frå kvarandre.
Tilbakemeldingane viser at deltakarane hadde stort utbyte av å møtast på tvers av område, kommunar og forvaltningsnivå. Fleire trekte fram nye kontaktar og idear dei kan ta med seg vidare. Målet er at fellessamlinga skal bli ein fast møteplass for erfaringsdeling, fagleg utvikling og nettverksbygging i arbeidet med UKL- og verdsarvområda.
Ein av deltakarane oppsummerte samlinga slik:
– Veldig flotte møter med gjestfrie og kunnskapsrike folk undervegs!
Lenke til program og meir informasjon