Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Fylkesnytt frå Møre og Romsdal

Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om MRmat 2019 – merkevarebygging og samarbeid i fokus.

MRmat 2019  – merkevarebygging og samarbeid i fokus

Merksemda på lokal matproduksjon – serveringsstader med lokal mat og opplevingar held fram.

Vi følgjer opp auka etterspurnad frå tidlegare år og arrangerer MRmat på nytt der Matnavet på Mære, Innovasjon Norge, hoppid. og Fylkesmannen i Møre og Romsdal samarbeider. I år skal arrangementet være på Quality Hotel Waterfront i Ålesund 19. og 20. mars.

Inspirasjonsforedraga blir halde av Pål Medhus, Kristin Waagen og Pascale Baudonnel.

Årets hovudtema er merkevarebygging – bedriftsutvikling - opplevingar – nettverksbygging og samarbeid.

Det blir gjennomført kurs i opplevingar, merkevarebygging, mjølkeforedling, grunnmodul kjøtt samling 1, kokkekurs, styrekandidat og halde samling for lokale matnettverk. Alt dette i løpet av to dagar.

Kontakt:
Rådgjevar Aud Lindset Drågen, [email protected] 
tlf.: 71 25 85 73 el. mob.: 908 65 459.

Markant auke i skogplantinga

Det har ikkje vore samsvar mellom auka hogstaktivitet og planteaktivitet dei siste åra. Hogsttala viser ei tredobling siste fem åra medan plantetalet ikkje har stige tilsvarande. Men i 2018 blei det planta 4 796 daa, noko som er 45 prosent meir enn føregåande år. Det er planta mest i følgjande kommunar: Surnadal, Vestnes, Halsa, Rauma og Ørsta. Skogbruksaktiviteten har auka i heile fylket, noko som og vert spegla i planteaktiviteten.

Planter klar for planting.
Planter klar for planting. Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Ein må attende til 1999 før ein finn tilsvarande planta areal. Det var på slutten av «skogreisingstida», medan plantinga no i hovudsak skuldast planting etter hogst av barskog.

Til saman er det sett ut om lag 1,15 millionar planter. Megarden planteskole har i hovudsak stått for sal og distribusjon av plantene. Dei produserar ikkje planter sjølv lenger. Over 97 prosent av plantene er gran. 85 prosent av plantene er utsett av profesjonelle aktørar innleigd av tømmerkjøparane (Allskog og Nortømmer), medan resten er planta av skogeigar. Det kostar i gjennomsnitt 1 400 kroner for å få planta til 1 daa. I Møre og Romsdal har skogplantinga(planter og arbeid) kosta 6,66 millionar i 2018.

Vi har mange utfordringar knytt til å få opp att ny skog av god kvalitet. Det er m.a. gransnutebille, konkurrerande vegetasjon og hjortebeiting. For å unngå skadar av gransnutebilla har ein praktisert å vente tre år med planting etter hogst. Det fører naturleg nok til at auken i plantetal kjem noko seinare enn hogstauken. Det er no kome ein ny type planter som er handsama med voks for å hindre at billa gneg på borken. Dette har dels gitt gode resultat, og kan føre til at ein får plante tidlegare enn før. Da unngår ein i større grad problematikk i høve til konkurrerande vegetasjon som bringebær og lauvkratt. Nesten halvparten av dei omsette plantene er voksa. Det står framleis att noko forsking og oppfølging rundt denne plantetypen. I Ørsta/Volda er det eit mindre prosjekt kor ein følgjer utviklinga til desse plantene spesielt.

Skogplanting.
Skogplanting. Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Når ein avverkar skog utløyser dette foryngingsplikt. Det vil seie plikt til å få opp att ny skog. Ved hogst av våre kulturskogfelt på god jord vil planting vere mest aktuell metode. Foryngingsplikta sikrar berekraftig forvaltning av skogressursane, kvalitet på skogen og framtidige inntekter for skogeigar. Planting er og eit viktig klimatiltak for å oppretthalde skogen si evne til å binde CO2. Det er derfor gledeleg at skogeigarane no i aukande grad sikrar framtidig skogproduksjon.

Testar «eigenvurdering» som ny kontrollmetode

I 2019 vert «eigenvurdering» testa ut som ny metode for forvaltningskontroll retta mot kommunane si tilskotsforvaltning. Tradisjonelt har forvaltningskontrollane på landbruksområdet vert gjennomført som kommunebesøk med intervju av sakshandsamar.

Metoden blei testa av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane i 2018, og inneber at kommunane sjølv skal finne forbetringsområde og tiltak gjennom vurdering av eige praksis. I tillegg vert det arrangert felles møter med nabokommunar som også er trekt ut for kontroll på same fagtema. Eigenvurderinga gir kommunane større eigarskap til eige fagfelt, større læringsutbytte og moglegheit til utveksling av erfaringar. 

Kontrollen består av eit oppstartsmøte, ei «heimelekse» for utfylling av sjekklister utarbeidd av fylkesmannen og eit sluttmøte. Ei gruppe beståande av Averøy, Fræna, Eide og Gjemnes kommune og ei gruppe beståande av Ørsta, Volda, Herøy, Sande og Sykkylven kommune har allereie vore samla i Molde og Ørsta til oppstartsmøte. Her fekk kommunane presentere sine utfordringar medan fylkesmannen gjekk gjennom tilskotsordningane som var plukka ut for kontroll. I slutten av mars vert kommunane samla til felles gjennomgang av funn og sjekklister.

Tema for kontrollåret 2018 er ulike ordningar under produksjonstilskot og nærings- og miljøtilskot i skogbruket. 

Tre og helse

Vi er inne i ei tid med eit stort fokus på materialval og god utnytting av ressursane, vi er i «Det grøne skiftet». Det byggast mange trehus, og vi vil nytte klimavennlege byggematerialar. Mange vil også si at eit trehus er godt å vere i. Kan trematerialar ha ein positiv effekt på helsa vår? Dette spørsmålet ynskjer Tredrivaren i Møre og Romsdal å finne svar på. Kan ein måle koppens respons til materialane i våre omgjevnader? Ja, det kan vi. Saman med Helseinnovasjonssenteret i Kristiansund, Innveno Industri-inkubator og forskarar ved NMBU og NTNU har Tredrivaren satt i gang forskingsprosjektet «Tre og Helse».

Fleire norske og internasjonale forskingsstudiar tydar på at auka bruk av natur og element frå natur i rom, for eksempel tre, kan styrke kroppens evne til å hele seg ved å ha stress-reduserande verking (Health Counsil og the Netherlands 2004, Ulrich 1984, Ikei et al. 2017, Nyrud og Bringslimark 2009, Augustin og Fell 2015, Dematté et al. 2018). «Tre og helse-prosjektet» vil ta denne forskinga eit steg vidare.

Kva kan slike funn bety for planlegging av bygg som skular og sjukehus? Vi trur at auka kunnskap om samanheng mellom helse og tre som material kan gje gevinst for enkeltindivid, folkehelse og verdiskaping for skog- og treindustri. Ved å dokumentere relevante og spesifikke helsefremjande verknad kan vi vurdere nye måtar å bruk tre i offentlege og private bygg og rom, og gjennom dette trekke fram gevinstar for folkehelse i «Det grøne skiftet».

Den 14.2.2019 held Tredrivaren og Helseinnovasjonssenteret «Tre og Helse-konferansen» i Kristiansund. Målgruppa er forskarar, entreprenørar, leverandørar, utbyggjarar, produktutviklarar, arkitektar, bestillarar og offentlege avgjerdslestakarar som vil ha meir kunnskap om helseeffektar ved bruk av tre. På programmet har vi med forskingsresultat frå Noreg og utland, og praktiske eksempel frå mellom anna skuler, byggjeplassar og hotell.

Prosjektet får støtte frå mobiliseringsprosjektet i FORREGION, som i Møre og Romsdal finansierast av fylkeskommunen og Norges forskningsråd.

Tre & helse- konferansen plakat.
Til toppen