Fylkesnytt frå Rogaland 2/2026
Nyheit | Dato: 16.09.2026 | Landbruks- og matdepartementet
Statsforvaltaren i Rogaland er ute med ei ny utgåve av fylkesnytt. I denne omgangen kan du lesa om mellom anna IBU-midlar og lokal jordvernstrategi i Gjesdal.
Innhold:
Skogbruksplanprosjekt lyst ut i 4 kommunar i Rogaland
Utdaterte skogbruksplanar og miljøregistreringar er ei utfordring, og utan gyldig miljødokumentasjon er det i praksis hogstforbod. No ligg det til rette for eit av dei største skogbruksplanprosjekta i Rogaland på mange år. Skogeigarar i fire kommunar skal få oppdatert kunnskap om både skogressursar og viktige miljøverdiar.
Takstutvalet for Hjelmeland, Strand, Stavanger og Sandnes inviterer 3 aktuelle takstselskap til å gi tilbod på eit omfattande skogbruksplanprosjekt med miljøregistreringar (MiS). Ein føresetnad for gjennomføring av prosjektet er tilstrekkeleg interesse blant skogeigarane med ei planbestilling på minst 50% av det produktive skogarealet.
Prosjektet omfattar om lag 150 000 dekar produktiv skog i område med relativt god dekning med tidlegare digitale skogtakstar, og har som mål å gi skogeigarane oppdaterte skogbruksplanar med miljøregistreringar i skog (MiS) som grunnlag for aktiv og berekraftig forvaltning av skogressursane. Grunneigarar med over 25 dekar skog vil få tilbod om skogbruksplan med nye miljøregistreringar.
Det skal gjennomførast full revisjon av eksisterande MiS-registreringar, som er forelda, og registreringane skal utførast etter gjeldande metodikk. Prosjektet skal etter planen vere ferdig innan oktober 2028.
Tilbydarane blir bedne om å levere pris på både fototakst med kontrollmålingar i felt og full lasertakst med prøveflater og synfaring i felt på delar av arealet. Pristilbod skal sendast til takstutvalet innan 15. september 2026.
Takstutvalet vil ta endeleg stilling til val av leverandør på bakgrunn av ei samla vurdering av pris, kvalitet, innhald og gjennomføringsevne. Når leverandør/takstselskap er vald, blir det søkt tilskot og godkjenning av takstopplegget til Statsforvaltaren i Rogaland. I tillegg blir det sendt ut tilbod om skogbruksplan med miljøregistreringar til alle skogeigarane så raskt som mogleg
Gjesdal viser veg med lokal jordvernstrategi
Gjesdal kommune vedtok i mai 2026 ein jordvernstrategi for perioden 2026-2030. Strategien viser korleis kommunen kan styrkje jordvernet gjennom tydelege mål, lokal forankring og eit godt kunnskapsgrunnlag.
Jordvern er avgjerande for framtidig matproduksjon og beredskap. Som ein viktig landbrukskommune med aukande press på areala, har Gjesdal vald å setje jordvern høgt på dagsorden. Strategien byggjer på nasjonale og regionale mål, samstundes som han tek utgangspunkt i lokale utfordringar og moglegheiter. Arbeidet er gjennomført i dialog med landbruksnæringa, og var på offentleg høyring før sluttbehandling i kommunestyret.
Eit sentralt grep er å skjerpe det lokale jordvernmålet. Kommunen ønskjer å redusere årleg omdisponering av dyrka og dyrkbar jord frå maksimalt 15 til 10 dekar. Samstundes legg strategien vekt på arealnøytralitet, planvask, fortetting og gjenbruk av utbygde areal framfor nedbygging av jordbruksareal og natur. Strategien skal òg gi føringar for framtidig arealforvalting i kommunen.
Gjesdal har om lag 136 aktive jordbruksføretak. Landbruket står for rundt 8 % av verdiskapinga og 13 % av sysselsetjinga i kommunen. Strategien synleggjer verdien av jordbruksareala og peikar på konkrete tiltak for å ta vare på ressursane for framtidige generasjonar.
Arbeidet er gjennomført med støtte frå den statlege tilskotsordninga for kommunale jordvernstrategiar. Erfaringane frå Gjesdal viser at slike prosessar gir meir enn eit strategidokument. Dei aukar medvitet om jordressursane, styrkjer samarbeidet mellom kommune og næring, gir eit godt og samla kunnskapsgrunnlag om landbruket og eit betre grunnlag for framtidige val knytt til arealbruk.
Statsforvaltaren i Rogaland ønskjer å løfte fram Gjesdal som inspirasjon for andre kommunar. Ei lokal jordvernstrategi kan vere eit viktig verktøy for å omsetje nasjonale jordvernmål til lokal handling, og styrkje arbeidet med å ta vare på matjorda.
Storfetuberkulose og etablering av Tubteam
I 2022 blei det påvist storfetuberkulose i Suldal. For å kartleggje smittestatus og redusere risikoen for vidare smittespreiing har Veterinærinstituttet og Mattilsynet utvida det nasjonale overvakings- og kontrollprogrammet med systematisk tuberkulintesting av storfe.
Basert på smittesporing er om lag 1 000 gardsbruk valde ut for testing i løpet av ein femårsperiode. Dei fleste buskapane ligg i Rogaland og Vestland, men enkelte gardar i Agder er òg omfatta. Rogaland er særleg sårbart på grunn av høg dyretettleik og omfattande storfeproduksjon. Tuberkulintesting krev at heile buskapen blir testa to gonger med 72 timars mellomrom, noko som stiller store krav til bemanning, koordinering og fagleg forsvarleg handtering av dyra.
Gjennomføringa fører ofte til behov for ekstra arbeidskraft på garden, noko som kan gi auka kostnader og utfordringar med å skaffe tilstrekkeleg personell. Manglande bemanning kan påverke både HMS, dyrevelferd og kvaliteten på testinga.
Næringa blei informert om kontrollprogrammet i august 2025, og i januar 2026 blei det etablert ei refusjonsordning gjennom Berekraftsfondet. Medlemmer i Noregs Bondelag kan få eit tilskot på 3 000 kroner dersom dei har gjennomført testprogrammet og hatt behov for ekstra personell. Men ordninga dekkjer berre ein del av det samla behovet.
Etablering av Tubteam
For å støtte gjennomføringa har avløysarlaga og bondelaga i Rogaland, Vestland og Agder og Mattilsynet etablert såkalla Tubteam. Teama bistår bønder under tuberkulintestinga ved å reise ut til gardane der testinga går føre seg. Avløysarlaga har ansvar for tilsetjing, kontraktar, forsikringar og oppfølging av personellet.
Kvifor er prosjektet viktig?
Tubteam styrkjer beredskapen i husdyrnæringa og bidreg til ei trygg og effektiv gjennomføring av overvakingsprogrammet. Teammedlemmene får opplæring i smittevern, dyrehandtering, risikovurdering og sikker gjennomføring av testing. Prosjektet byggjer dermed opp verdifull kompetanse som òg kan nyttast ved framtidige sjukdomsutbrot og andre beredskapssituasjonar.
Gjennom samarbeid mellom avløysarlaga, Mattilsynet og næringa blir den samla beredskapen i regionen styrkt, samstundes som prosjektet bidreg til betre HMS, dyrevelferd og smittevern.
Kor langt har testinga kome?
I løpet av eitt år har teama kapasitet til å teste om lag 100 buskapar. Den neste testpulja går frå oktober til desember og omfattar 47 buskapar, hovudsakleg i Rogaland. Med dagens framdrift blir det krevjande å nå målet om å teste 1 000 buskapar innan fem år.
For å bistå bøndene har bondelaga rekruttert minst åtte personar til Tubteamet.
– Dette er anten deltidsbønder eller avløysarar med solid erfaring innan storfehandtering, så vi er svært godt nøgde med rekrutteringa, seier prosjektleiar Marianne Osmundsen i Rogaland Bondelag.
Ho understrekar at utfordringa ikkje er unik for regionen, og peikar samstundes på at det er behov for vidare finansiering dersom prosjektet skal kome i mål.
Rogaland landbruksselskap 250 år
Rogaland landbruksselskap markerer 250 år i 2026, og er utan samanlikning den eldste ideelle organisasjonen i Rogland som framleis er aktiv. Selskapet er framleis aktivt, og i følgje vedtektene er landbruksdirektøren styreleiar. Dette selskapet er eigentleg starten på det som i dag blir omtalt som landbruksforvaltinga i Rogaland, og det er slik sett på sin plass å markere eit slikt jubileum.
Det var den danske kammerjunker Wilhelm Matthias Scheel som tok over som amtmann i Stavanger amt i 1773, og han var prega av at det var armod på bygdene. Han tok initiativ til danninga av det private Stavanger Amts Landhushaldningsselskap i 1776. Føremålet med selskapet var å drive informasjon og oppmuntring av «Almuen» til fagleg innsats gjennom rettleiing, utstillingar og premiering. Landbruket stod sentralt, med stor aktivitet dei første åra. Det er i arbeid eit jubileumshefte med interessant informasjon om denne lange historia heilt fram til i dag. Vi vil særleg vise til vedtak i Stortinget den 4. juli 1919, der namnet på selskapet blei endra til Rogaland landbruksselskap. Frå 1921 blei både organisering og oppgåver vesentleg endra. Dette var eigentleg starten på det vi i dag omtalar som landbruksforvaltninga. I jubileumsåret 1926 (150 år) var det fem tilsette fagfolk på fylkesnivå, i tillegg til sekretær, og sju heradsagronomar i distrikta. Jordlovane som tok til å gjelde frå 1929 og 1956 skulle administrerast av styret for Landbruksselskapet.
Frå 1. januar 1981 overtok staten v/Fylkeslandbrukskontoret alle forvaltnings- og rettleiingsoppgåvene frå Landbruksselskapet. Rogaland landbruksselskap gjekk då tilbake til ein rein privat organisasjon. Det har gjennom alle år fram til i dag vist seg å vere viktig å bruke Landbruksselskapet som eigar av prosjekt, særleg det å vere ein objektiv prosjekteigar for tema som involverer konkurrerande aktørar i landbruksnæringa, eksempelvis innan dyrevelferd og dyrehelse. Det har vore om lag 30 ulike prosjektsatsingar gjennom Landbruksselskapet i perioden frå 2001-2026.
Det vil bli ei jubileumsmarkering den 30. oktober på Jærmuseet, med inviterte gjester. Framleis er det ein del som i si tid var tilsette landbruksselskapet, og desse vil bli inviterte. Departementsråden har takk ja til å delta på markeringa. Det blir laga eit eige jubileumshefte, og ein film, som skal gi oss ei forteljing om denne lange og heilt spesielle historia. Ei historie som fortener nasjonal merksemd. Det kan nemnast at kong Olav deltok på 200-års markeringa i 1976.
Nok ein gong rekordstor etterspurnad etter investeringsmidlar (IBU) i Rogaland
Det er godt kjend at det er stor etterspurnad etter investeringsmidlar (IBU) i Rogaland. Før ferien blei det arrangert to møte Landpartnarskapet der hovudtema var korleis vi skulle prioritere når presset på midlane er stort. Det blei i mai informert om at potten for 2026 var tom, og at ingen treng søke midlar før 1. september 2026. Då for å kunne bli vurdert for 2027.
Innovasjon Norge (IN) har allereie nå 10. september motteke 111 søknader for 2027 med ei totalinvestering på over 500 mill. kr. Dette er langt fleire saker enn venta. Vi har difor avtalt nytt møte i partnarskapet 25. september for å drøfte korleis vi skal gå fram i ein slik situasjon. Vi må m.a. ta opp spørsmålet om å sette tak på tilskotsnivå pr sakstype, også for saker som nasjonalt sett har høg prioritet. Eit spørsmål blir her også kor mange saker som gjeld nødvendig omlegging til lausdrift som kan få støtte, når vi også veit at 15 mjølkeprosjekt står på vent frå 2026. Det vil vere særs krevjande å nå målet i 2034.