Fylkesnytt frå Vestland 2/2026
Nyheit | Dato: 23.09.2026 | Landbruks- og matdepartementet
Her kjem ny utgåve av Fylkesnytt frå Statsforvaltaren i Vestland. Her kan du mellom anna lese om meir koordinering og samarbeid i Inn på tunet-arbeidet.
Innhold:
Samarbeid og koordinering av Inn på tunet-arbeidet
Det kom ny strategi for Inn på tunet i sommar. No brettar vi opp ermane, og bidreg med sterkare felles løft for å nå dei ønska måla.
Den nye Inn på tunet-strategien legg opp til meir dialog og samarbeid, auka kunnskapsgrunnlag og styrking av Inn på tunet som merkevare. Statsforvaltarembeta har eit ansvar for å synleggjere Inn på tunet som velferdstiltak, og vi ynskjer meir samarbeid.
Samfunnsnytte som tema på nasjonal nettverkssamling
Inn på tunet er velferdstilbod på gardsbruk. Tilboda skal føre til ein betre kvardag for dei som treng det, og skape grunnlag for meistring, utvikling og livskvalitet. Dei fleste tilboda i dag er knytte til barn og unge og personar med demens, men mange gardar tilbyr også arbeidstrening og andre tenester. Den nasjonale nettverkssamlinga no i september hadde merksemd på Inn på tunet sin nytteverdi, og korleis tilboda kan vere eit bidrag til å løyse utfordringar i kommunane. Vi treng å spreie kunnskap om Inn på tunet, og få meir dialog med tenesteområda, særleg i kommunane.
Koordinatorar hos statsforvaltarane og direktorat fekk auka kunnskap om arbeidet på kommunal og statleg side. Det gjev eit godt grunnlag for å rette arbeidet sterkare inn mot kjøpargruppene sine behov.
1+1=3
Eit styrka nasjonalt samarbeid er effektivt, og gjev betre resultat. Vi kan dele mykje av det vi produserer og arrangerer i embeta våre. På samlinga la vi konkrete planar for samarbeid om digitale møte på ulike fagområde, deling av materiell og metodikk, styrking av kommunikasjon på nett og utvikling av nasjonale rettleiarar. Inn på tunet kan bidra på mange viktige samfunnsområde, og det auka samarbeidet vårt kan gje eit godt løft i arbeidet.
Kontaktpersonar:
Maria Makloufi Skjold, e-post: maria.makloufi.Skjold@statsforvaltaren.no, tlf. 55 57 20 09
Ragna Flotve, e-post: ragna.flotve@statsforvaltaren.no, tlf. 901 01 541
Innmarksbeite som spreieareal og biologisk mangfald
Det nye gjødselregelverket har gjeve mange kommunar i Vestland eit omfattande arbeid med å godkjenne innmarksbeite som spreieareal for gjødsel.
Mykje beitebruk på artsrike areal
I Vestland er kring 40% av jordbruksarealet innmarksbeite, og av dette er kring 40% ugjødsla eller svakt gjødsla. Ein del av desse areala er truleg naturbeitemark eller anna semi-naturleg eng, som ikkje enno er kartlagt. Slike trua naturtypar bør verte tekne vare på, i vidare drift, utan gjødsling. Areala er, mellom anna, viktige for pollinerande insekt.
God kompetanse gjev gode vurderingar
Statsforvaltaren i Vestland ønskjer å bidra til å auke kommunane sin kompetanse på biologisk mangfald, slik at dei er rusta til å gjere gode vurderingar av innmarksbeite som spreieareal. Det er også nyttig med samordning mellom kommunane, for å få mest mogleg lik handsaming. Vi arrangerte difor ein serie med feltdagar i fylket i sommar, saman med Norsk Landbruksrådgjeving og konsulentfirmaet Miljøfaglig Utredning. Det var godt oppmøte frå kommunane på alle seks samlingane.
Viktig men krevjande å kjenne igjen naturbeitemark
I arbeidet med godkjenning av spreieareal er det viktig at kommunen lærer forskjellen på naturbeitemark og beite som ikkje er artsrike. Elles kan store biologiske verdiar gå tapt ved gjødsling, berre fordi dei ikkje er kartlagde og kjende. Vi er tydelege på at det ikkje bør gjevast godkjenning til å spreie gjødsel på seminaturleg eng, inkludert der kartlegging manglar. Ny naturtype-kartlegging kan gje nødvendig avklaring og grensegang før godkjenning.
Kvar feltdag vart gjennomført med praktiske oppgåver, teori og mykje diskusjon. Ei sentral oppgåve var å kjenne igjen indikatorplanter for seminaturleg eng i dei ulike beita vi hadde plukka ut, og kva dette kunne seie om kartleggingsbehov og godkjenning. På fleire beite vart mange av oss «lurt» til å ville godkjenne spreieareal, der det likevel viste seg å vere semi-naturleg eng. Erfaringar frå møta vart samla i eit notat til kommunane.
Vedtaka kan få store konsekvensar
Det er viktig å ha god dialog med bonden og diskutere drifta, for å kunne vektlegge omsyn til naturverdiane opp mot føretaket sine føremoner med å kunne gjødsle. Manglande løyve til gjødselspreiing på innmarksbeite kan få store konsekvensar for bonden i nokre tilfelle, men ha lite å seie i andre tilfelle.
Vi hadde lærerike og kjekke samlingar for alle partar. Det var ikkje berre kommunane som lærte noko. Vi lærte også mykje av å arrangera og delta på arrangementa. Det er nyttig kunnskap å ha med seg, både i rettleiing og i handsaming av eventuelle klager.
Kontaktperson:
Åshild Irene Lie, e-post: ashild.irene.lie@statsforvaltaren.no, tlf. 55 57 27 72
Nye øko-tal frå Vestland
Ti prosent-målet for øko-areala i Vestland er eit stykke unna, men ikkje for alle produksjonar.
Statsforvaltaren i Vestland har dykka ned i tala for Vestland fylke, og sett spesielt på utviklinga for dei tre satsingsområda ein no vil laga tiltaksplanar for: økologisk grønt (Frukt, bær og grønsaker), mjølk (ku) og korn.
Øko-mjølka vert ikkje brukt som økologisk
I 2025 var det 234 føretak med økologisk produksjon i Vestland fylke, og 3,3 % av areala vart drivne økologisk. Vi har om lag 100 mjølkekyr, som er godkjente for levering av økologisk mjølk. Dei største besetningane er i Vik, Voss, Kvinnherad og Aurland. Det vert ikkje henta økologisk mjølk i Vestland, men økologisk mjølk nord for Bergen kan verte tappa som økologisk, dersom Tine har trong for det.
Stor produksjon av øko-kalkun
Av andre firbeinte dyr i husdyrfylket Vestland finn vi dobbelt så mange økologiske ammekyr som mjølkekyr, og om lag 150 økologiske mjølkegeiter. Vestland er også eit stort sauefylke, med 8800 økologiske vinterfôra sauer (alle rasar). Fylket har også ein stor besetning av økologisk kalkun og kylling i Hardanger, og ein større økologisk eggprodusent i Nordfjord.
Stor produksjon til drikkevare og lokalt sal
Det har regna mykje i Vestland denne sommaren, og vi er usikre på om dei 18 måla med økologisk korn blir mogne i år. Då er det kjekkare å snakke om det som er i vente: Det vart truleg produsert om lag 155 tonn økologiske eple i Noreg i 2025, og 41 % av denne produksjonen skjer i Vestland. I fjor var 10,8 % av frukt-produksjonen i Vestland økologisk (stort sett eple og plomme). I 2025 hadde 59 av 464 epleprodusentar i Vestland økologisk godkjent epleareal. Dei ni føretaka som produserte minimum 2000 tonn eple, kunne levere til saman 48 tonn økologiske eple.
Håp om auke i år
Mange fruktprodusentar er knytte til eit fruktlager. Dette er ofte nødvendig for å nå ut til daglegvarehandelen med varene i klasse 1, og for å få meirpris. Resten vert truleg seld som råvare til den populære jus- og siderproduksjonen i Noreg, og noko til vegsal, gardsbutikkar og marknader. Fruktlagerinspektøren i Grøntprodusentenes samarbeidsråd (GPS) melde tidleg i august at det er venta om lag 60 tonn økologiske eple og 15 tonn plomme frå frukthausten i år. Dette skal gå ut til grossistane og daglegvarehandelen.
Samarbeid om øko-grønt
Det er sett ned eit øko-utval i GPS innan grøntproduksjonane, slik at vi kan få til ei samordna satsing på økologisk frukt i framtida. Dette har vi stor tru på. Kanskje får du kjøpt NORSK øko-frukt i år, dersom du stikk innom ein nærbutikk som satsar på økologiske varer og lokalmat. Spør gjerne, dersom du ynskjer meir norsk og økologisk frukt i nærbutikken din.
Kjelder: Landbruksdirektoratet sine databasar for søknad om produksjonstilskot i 2025, og fruktlagerinspektøren sine prognoserapportar i august (GPS).
Kontaktperson:
Frøydis Lindén, e-post: froydis.linden@statsforvaltaren.no, tlf. 905 52 194
Undersøking om beredskap på gardsbruk
Alle landbruksføretak i Vestland fekk tilsendt ei spørjeundersøking om eigenberedskap på gardsnivå våren 2026. Den viser at mange gardsbruk er sårbare, mellom anna ved sjukdom og ved mangel på diesel og straum.
Statsforvaltaren i Vestland laga i 2025 ei scenarioanalyse av matvareberedskapen i fylket. No har vi laga ei spørjeundersøking, saman med faglaga, for å kartleggje kritiske sårbarheiter på gardsnivå.
Hypotesar om sårbarheit
Spørjeundersøkinga byggjer på hypotesar om sårbarheit. Beredskapsnivået kan, mellom anna, vere knytt til produksjonstype, produksjonsomfang, automatiseringsgrad, teknologisk avhengigheit, geografisk plassering og tilgang på infrastruktur.
Undersøkinga vart sendt til alle føretak i Vestland som søkte produksjonstilskot i 2025, totalt 5 846 føretak. Om lag ein tredjepart svara på undersøkinga, og dei representerer ein stor variasjonen i produksjon og storleik.
Naudstraumsaggregat
På tvers av alle produksjonar hadde vel halvparten tilgang til naudstraumsaggregat. Av dei som hadde eige aggregat, svara hovudtyngda at aggregatet berre dekka kritiske behov. Ein av fem svara at aggregatet kunne dekke alle behov i drifta. Berre nokre få hadde avtale om å leige aggregat.
I føretak med mjølkeproduksjon hadde 76 prosent aggregat. Delen med aggregat var lågare på små mjølkebruk der 62 prosent hadde aggregat. Ein fjerdedel av dei store mjølkebruka svara at dei ikkje hadde aggregat. Samla for alle føretak med husdyr var det aggregat på 54 prosent av føretaka. Resultatet viser at fleire mjølkebruk burde tatt denne investeringa, men også at mange husdyrbruk har aggregat, for å møte ei akutt og kortvarig krise.
Diesellager
Tilgang på diesel er kritisk for matproduksjonen i Norge, og det er difor viktig å sikre nok diesel i ei krise. 59 prosent av dei som svarte seier at dei har lager av diesel. Mange av dei som ikkje har diesel på lager grunngjev det med at dei bur nær ein bensinstasjon.
Vel ein tredjedel av dei som har diesel på lager seier at dei alltid har ein reserve av diesel på lager. Men det er ei like stor gruppe som seier at dei ventar med kjøpe ny diesel til lageret er tomt. Dette viser behov for å arbeide vidare med å sikre lager av diesel på gardsbruk.
Normal produksjon utan diesel
Utan diesel stoppar landbruket. Dette ser vi også att i undersøkinga. Kvar fjerde føretak svara at dei i periodar med høgt forbruk har mindre enn tre dagar normal drift utan påfyll av drivstoff. Diesel er også naudsynt ved drift av naudstraumsaggregat. Resultatet viser at mangel på drivstoff er ein kritisk sårbarheitsfaktor.
Menneske å spela på
Samla for alle produksjonar svarer tre av fire at andre personar, til ei kvar tid, kan ta over drifta og halde normal produksjon i minst sju dagar. Samstundes seier 15 prosent at dei ikkje har nokon som kan ta over drifta i ein krisesituasjon. Vanlege reservepersonar er familie, vener og fast tilsette. Ein del svara også at dei forventar av avløysarlaget stiller med hjelp. Dette syner at avløysarlaga har ei viktig oppgåve med å tilby hjelp ved akutt sjukdom eller ulukker. Får å behalde denne beredskapen er det viktig at mange brukar laget og landbruksvikaren, også når alt er normalt.
Sårbar utan fellesskap
Undersøkinga gav også deltakarane høve til å utdjupe eigne synspunkt. Gjennomgåande er det mange som peikar på at svak økonomi avgrensar moglegheita for å investere i beredskapstiltak og etterlyser statlege tilskotsordningar. Gode nabobønder er viktig, og fleire svarer at færre bønder og større driftseiningar gjer landbruket meir sårbart i ei krise.
Kontaktperson:
Synnøve Vonen Kvaal, e-post: synnøve.kvaal@statsforvaltaren.no, tlf. 57 64 30 67
Ein hard vinter for skogen i Vestland
Det har vore ein kald vinter, med lite snø på Vestlandet. Ut over våren og sommaren har vi sett ulike klimatiske skader på både forynging og på vaksen skog.
År om anna kan vêret gjere det tøft for skogen. Vi såg det sist i 2014. Grana braut ut av kvileperioden sin og byrja å vekse under ein mildversperiode, før det slo om til vedvarande austavind, kaldt vêr og ikkje nedbør.
Denne vinteren var ganske lik. Når austavinden herjar i mars månad og rota står i tele når vårsola byrjar å verke, slit dei nyplanta granene med å få tak i vatn. Skogbruket i Vestland har eit problem med å få ei tilfredsstillande forynging på areala sine, av ymse årsaker, men etter denne vinteren må vi rekne med meir supplering enn vanleg.
Denne granplanta står på Allstad AS sin eigedom i Hyllestad kommune i ytre Sogn, og vart sett i jorda hausten 2025. Delar av denne plantinga vart gjort under lauvskjerm. Ein plantar gjerne under skjerm for å skape eit godt mikroklima for plantene, men det var ikkje nok til å beskytta plantane som stod der. I tillegg har hjorten ete nokre centimeter av planta.
I Hafslo i Indre Sogn har det også vore kaldt, men på 450 meter over havet har granplantene vore under eit beskyttande snødekke denne vinteren. Ein skogeigar har hogd bjørk til ved og treslagskifta til gran våren 2025. Oppslaget av bregnar vart stort, etter at den tette bjørkeskogen var borte og lystilhøva betra seg. Her er det brukt M60-planter, som ikkje let seg så lett bøye seg ned når bregnane visnar, og feltet stod flott, med tilrådd plantetal, våren 2026.
Suppleringsplanting – regelen snarare enn unntaket
Resultatkartleggingane i Vestland syner ein nedgåande trend, når det gjeld å finne levande planter. Ei allereie glissen forynging vil nok slite meir etter denne vinteren.
Kontaktperson:
Torgrim Østgård, e-post: torgrim.ostgard@statsforvaltaren.no, tlf. 907 40 503
Kald vår gjev varierande fruktavling
Kommunar i Vestland har fått mange meldingar om mogleg produksjonssvikt på frukt. Vêret framover er viktig for mengd og kvalitet på frukta, og om det blir produksjonssvikt.
Relativt høge temperaturar i mars og april gav frukttrea signal om at vekstsesongen snart måtte byrje. Bløminga i frukthagane starta derfor tidleg, men då var temperaturane låge.
Tid for befruktning
I bløminga er det avgjerande med god pollinering, men det hjelper likevel ikkje dersom temperaturane er låg. Etter at insekt eller vind har overført pollen frå høvelege pollensortar til produksjonssorten, spirer pollenet på arret og det veks ut ein pollenslange. I følgje NLR-rådgjevar Endre Bjotveit, vert tida pollenslangen brukar på å vekse ned til frøemnet og befrukte eggcella styrt av temperaturen. Ved ein snitt-temperatur på 15 °C tek prosessen 2-3 dagar, men 8-10 dagar ved 7 °C. Ved kaldt vêr gjennom bløminga er det derfor fare for at eggcella har vorte for gammal, og har gått til grunne før pollenslangen når fram. Då vert det ingen fruktsetting og inga fruktavling.
Lokalklima avgjerande
Det er framleis usikkert om det faktiske avlingstapet vert så stort at det utløyser rett til tilskot ved produksjonssvikt. Kor stor påverknad ein kald vår har, varierer mellom ulike kulturar og sortar. Lokalklima i kvar enkelt frukthage er då avgjerande.
Kontaktperson:
Synnøve Vonen Kvaal, e-post: synnøve.kvaal@statsforvaltaren.no, tlf. 57 64 30 67