Gåveforsterking til sju kunst- og kulturinstitusjonar i Rogaland

Kulturdepartementet fordeler no tilskot på til saman 3 millionar kroner i gåveforsterking til sju kunst- og kulturverksemder i Rogaland: Museum Stavanger, KÅKÅ kverulantkatedralen, Stavanger Symfoniorkester, Dalane Folkemuseum, Stiftelsen Engøyholmen Kystkultursenter, Stavanger konserthus og Jærmuseet.

Tilskota baserer seg på pengegåver på til saman 12 millionar kroner.

- Mange kulturinstitusjoner i Rogaland arbeider godt mot private gjevarar. Gåveforsterkingsordninga skal bidra til at det systematiske arbeidet løner seg. Tilskotet bidrar til å styrkje viktige prosjekt, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

Gåveforsterkingsordninga for musea blei innført i 2014. Ordninga inneber at staten gir eit tilskot på 25 prosent i tillegg til pengegåver frå private gjevarar og stiftingar. Formålet er å stimulere til meir privat finansiering av kulturinstitusjonar. I 2016 blei ordninga utvida til å omfatte gåver til musikk, litteratur, scenekunst, visuell kunst og kulturbygg. Det er sett av 51,1 millionar kroner til ordninga på statsbudsjettet for 2017.

Museum Stavanger

Mottar 1,5 millionar kroner i gåveforsterking basert på pengegåver på til saman 6,1 millionar kroner frå Inge Steenslands Stiftelse, Sparebankstiftelsen SR-Bank, Fritt Ord, Bildende Kunstneres Hjelpefond, Kunstmuseets venneforening, Norske Fagfotografers fond og Astrid Lærdal Frøseth.

Gåvene skal nyttast til å styrkje innkjøpsbudsjettet for samtidskunst, prosjektet Grafisk museum, styrkje aktiviteten ved Stavanger Kunstmuseum, samt formidlingsprosjektet "Barndom i Middelalderen."

Museum Stavanger har mottatt støtte frå gåveforsterkingsordninga fleire gongar tidlegare.

Museum Stavanger er eit konsolidert museum med fleire arenaer i og kring Stavanger.

Museum Stavanger mottar driftstilskot på 19,4 millionar kroner frå Kulturdepartementet i 2017. Det er 56 årsverk ved museet som i 2015 hadde 191 427 besøkjande.

Direktør Siri Aavitsland er leiar for museet, tlf. 913 29 729.

KÅKÅ kverulantkatedralen

Mottar 625 000 kroner i gåveforsterking basert på pengegåver på til saman 2,5 millionar koner frå Månebakken AS og Stiftelsen Fritt Ord. Gåvene skal nyttast til å styrkje programtilbodet.

Dette er det fyrste tilskotet KÅKÅ mottar frå gåveforsterkingsordninga. KÅKÅ kverulantkatedralen er eit frittståande cafébasert litteraturhus i Stavanger som vert støtta av Stiftelsen Fritt Ord og Stavanger kommune.

Daglig leiar for KÅKÅ er Jan Inge Reilstad, tlf. 997 37 914

Stavanger Symfoniorkester

Mottar 62 500 kroner i gåveforsterking basert på pengegåver på til saman 250 000 kroner frå Inge Steenslands Stiftelse og Sparebankstiftelsen SR-Bank. Gåvene skal nyttast til å realisere hovudmåla med prosjektet «Musikalsk integrering».

Dette er det fyrste tilskotet Stavanger Symfoniorkester mottar frå gåveforsterkingsordninga.

Stavanger Symfoniorkester har 85 musikarar og held til i Stavanger konserthus.   

Stavanger Symfoniorkester får 82 millionar kroner i driftstilskot frå Kulturdepatementet i 2017.

Administrerende direktør for Stavanger symfoniorkester er Morten Warland, tlf. 915 32 016

Dalane Folkemuseum

Mottar 250 000 kroner i gåveforsterking basert på pengegåve på 1 million kroner frå Aramis Flekkefjord AS. Gåva skal nyttast til restaurering og tilpassing til nybygg Jøssingfjorden Vitenmuseum. Dalane Folkemuseum er regionmuseet for Dalane, med anlegg spreitt over heile Dalane. Dalane Folkemuseum får driftstilskot på 4,5 millionar kroner frå Kulturdepartementet i 2017. Det er 12,5 årsverk ved museet som i 2015 hadde 25 544 besøkjande.

Stiftelsen Engøyholmen Kystkultursenter

Mottar 325 000 kroner i gåveforsterking basert på pengegåver på til saman 1,3 millionar kroner frå Vestenfjelske Bykreditts Stiftelse og Inge Steenslands Stiftelse.

Gåvene skal nyttast til restaurering av eitt av sjøhusa frå 1835. Dette er det fyrste tilskotet Engøyholmen får frå gaveforsterkingsordninga.

Engøyholmen Kystkultursenter ligg på Hundvåg i Stavanger og er ei stifting som disponerer Engøyholmen. Senteret er støtta av Stavanger kommune, Rogaland fylkeskommune og Riksantikvaren i tillegg til stiftingane som har gitt pengegåver.

Kontaktperson for Engøyholmen Kystkultursenter er dagleg leder Ketil Thu, tlf. 915 56 623

Stavanger konserthus

Mottar 37 500 kroner i gåveforsterking basert på pengegåve på 150 000 kroner frå Inge Steenslands Stiftelse. Gåva skal nyttast til 10 konsertar i serien Barnas konserthus.

Dette er det andre tilskotet som Stavanger Konserthus får frå gaveforsterkingsordninga.

Stavanger konserthus IKS forvaltar to hus i Bjergsted kulturpark i Stavanger. Det gamle konserthuset, Kuppelhallen, vart opna i 1982. Det nye konserhuthuset opna i 2012.

Stavanger konserthus IKS er et interkommunalt selskap eigd av Stavanger kommune og Rogaland fylkeskommune. Konserthuset er heim for Stavanger Symfoniorkester og Opera Rogaland.

Adm. direktør er Per-Harald Nilsson, tlf. 975 87 010.

Jærmuseet

Mottar 181 250 kroner i gåveforsterking basert på pengegåver på til saman 725 000 kroner frå Øglænd Industrier og Sandnes Sparebank. Gåvene skal nyttast til utvikling av utstillingar som skal formidle Jonas Øglænd og Sandnes rike sykkelhistorie, samt utvikle utstillinga Art Avatar som er spesielt retta mot barn og ungdom.

Dette er det tredje tilskotet Jærmuseet får frå gaveforsterkingsordninga. Jærmuseet er eit konsolidert museum med mange arenaer rundt om på Jæren i Rogaland, m.a. Vitenfabrikken i Sandnes.

Jærmuseet mottar driftstilskot på 22,3 millionar kroner frå Kulturdepartementet i 2017.

Det er 78 årsverk ved museet, som hadde 252 367 besøkjande i 2015.

Direktør Målfrid Snørteland, tlf. 913 90 361 er leiar for museet.