Godt rusta til å møte endringane i kraftsystemet

Olje- og energiminister Tord Lien la vekt på at kraftsystemet opplever store endringar då han talte under Statnetts haustkonferanse.

- Som følgje av klimautfordringa og ei rivande teknologisk utvikling opplever kraftsystemet store endringar. Vi har eit godt utgangspunkt i Norge, men no må vi førebu systemet på å ta imot endå meir fornybar kraftproduksjon, samstundes som vi må legge til rette for å ta krafta i bruk på stadig nye område i samfunnet. Her spelar Statnett ei nøkkelrolle, og eg trygg på at vi vil ha eit effektiv og godt kraftsystem også i framtida, seier olje- og energiminister Tord Lien (FrP).

Tord Lien på Statnett sin haustkonferanse

Tord Lien heldt innlegg på Statnetts haustkonferanse (foto:HEV/OED).

I sitt innlegg understreka statsråden også betydinga av eit tett nordisk samarbeid og verdien av å utveksle kraft med nabolanda.

- Utveksling av kraft med våre nordiske og europeiske naboar kjem alle partar til gode. Vi bidrar til å gjere kraftforsyninga i Europa grønare og vi får utnytta våre ressursar betre. Vår forsyningsryggleik hadde ikkje vore den same utan desse moglegheitene, seier olje- og energiminister Tord Lien (FrP).

Tord Lien testar Statnett-spel

Før sitt innlegg, testa statsråden Statnett sitt nye interaktive spel OHM, der ein kan teste ut forsyningstryggleiken i kraftsystemet (foto:HEV/OED).