Historisk arkiv

Handlingsplan mot antibiotikaresistens

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale er uroa for den globale utviklinga når det gjeld antibiotikaresistens. – Dette er ei av dei største helseutfordringane vi står overfor i dag, seier Dale.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale på vitjing hjå Gerd Svendsen og Olaf Tysland Stokka i Sandnes kommune. Dei vart ramma av MRSA i 2015 og er framleis i karantene.
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale på vitjing hjå Gerd Svendsen og Olaf Tysland Stokka i Sandnes kommune. Dei vart ramma av MRSA i 2015 og er framleis i karantene. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Regjeringa har tidlegare vedteke ein nasjonal strategi mot antibiotikaresistens. No har landbruks- og matminister Dale fastsatt ein handlingsplan for arbeidet mot antibiotikaresistens for Landbruks- og matdepartementet sin sektor. 

Dei mest sentrale tiltaka er følgjande:

  • Vidareføre omfattande tiltak for å hindre at norske svinebesetningar skal verte eit reservoar for resistente bakteriar.
  • Reservere enkelte kritisk viktige antibiotikum til humanmedisin.
  • Styrkje tilsynet med veterinærane si forskriving av antibiotika til produksjonsdyr og kjæledyr.
  • Fase ut bruken av Narasin som fôrtilsetningsstoff til fjørfe, føresett at dette ikkje aukar bruken av antibiotikum.
  • Utreide forskriftskrav om resistenstesting av røktarar og andre som har kontakt med svin.
  • Vidareføre arbeidet mot antibiotikaresistens hos fjørfe.
  • Utreide strengare krav ved omsetnad av livdyr.
  • Styrkje overvaking og kunnskapsutvikling.

Målet er mellom anna å redusere bruken av antibiotikum til husdyr med minst 10 prosent og bruken av antibiotikum til kjæledyr med minst 30 prosent samanlikna med forbruket i 2013.