Heile 13,6 milliardar frå EU til forsking og innovasjon i Noreg

Aldri før har norske forskings- og innovasjonsaktørar fått meir pengar frå EU. Berre sidan mai i år har norske aktørar fått meir enn 2,2 milliardar kroner. Nyleg fekk ein internasjonal vaksinekoalisjon med hovudkvarter i Noreg meir enn ein milliard kroner til vaksineutvikling.

Nye tal viser at norske deltakarar har henta heim 2,46 prosent av pengane frå EU sitt forskings- og innovasjonsprogram Horisont 2020. Sidan programmet starta i 2014 har norsk næringsliv, akademia og offentlege verksemder konkurrert seg til om lag 13,6 milliardar kroner. Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim er svært nøgd med utviklinga.

– Dei store samfunnsutfordringane som klimakrisa kjenner ingen landegrenser, då kan heller ikkje løysingane gjere det. Eg er imponert over at norske aktørar gjer det stadig betre i konkurransen om EU-midlane. Eg har stor tru på at dei skal klare å levere sterkt også i åra framover når det nye programmet startar opp. På sikt meiner eg målet må vere at Noreg får meir pengar igjen enn vi puttar inn, seier Asheim (H).

Vaksineprosjekt får 1 milliard

Vaksinekoalisjonen CEPI, som har hovudkontor i Noreg, har fått 1 milliard kroner til prosjektet Covid-19 vaccines. Desse midlane vil bli kanalisert til fleire utanlandske miljø. Målet er ei rask utvikling av dei mest lovande Covid 19-vaksinekandidatane, og sikre at desse blir klare til å produsere i stor skala. CEPI har mellom anna gitt pengar til ni vaksinekandidatar, åtte av desse er no er i klinisk utprøving. Blant dei som er kome lengst er vaksinane til Moderna og Oxford/AstraZeneca.

– Noreg må også ta ansvar for å bidra til å utvikle nye vaksinar under covid-19. CEPI er vårt fremste verktøy for dette. Det norske bidraget har satt CEPI i stand til å foreta investeringar som aukar moglegheitene for at vi snart får tilgang til vaksine mot covid-19, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Lovar godt for Horisont Europa

Regjeringa bestemte i haust at Noreg skal vere med også i det neste rammeprogrammet for forsking og innovasjon, som startar opp i 2021.

– No blir vi også med vidare i det enda større programmet Horisont Europa, som startar opp neste år. Der har vi ei auka satsing på innovasjon og det er lagt opp til enda større deltaking frå næringslivet. Eg vil oppmode næringslivet, instituttsektoren, offentleg sektor og akademia til å søkje på EU-midlane. Det vil hjelpe oss med å finne fleire berekraftige løysningar på samfunnsutfordringane vi står ovanfor, seier næringsminister Iselin Nybø.

Meirverdiar i nettverk og kunnskap

I tillegg viser ein analyse at det som gjer den norske deltakinga lønsam, er at norske fagmiljø får tilgang på nettverk og kunnskap dei ikkje hadde fått gjennom nasjonale ordningar.

– Samarbeidet og konkurransen internasjonalt skjerper eigenutviklinga vår. Deltakinga i forskings- og innovasjonsprogramma til EU har betydelege effektar på samfunnet vårt. Det skapar arbeidsplassar, verdiar og kunnskap vi treng for å klare det blågrøne skiftet, auke digitaliseringa av samfunnet og løyse globale utfordringar, seier Asheim.

Mest pengar til forsking på store samfunnsutfordringar

Her er kategoriane der norske miljø har fått mest pengar:

  1. Store samfunnsutfordringar (m.a. helse, energi, mat og klima): 797 millionar euro
  2. Framifrå forsking: 309 millionar euro
  3. Industrielt leiarskap (bl.a. IKT): 279 millionar euro