Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol besøker Innlandet måndag 20. juni

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Måndag 20. juni besøker helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol Innlandet. Ho skal blant anna sjå korleis det blir jobba med Folkehelsebyen Elverum, og besøke Hernes Institutt. Så skal ho til Brumunddal legesenter og sjå korleis dei har jobba med primærhelseteampiloten. På Østre Toten skal ho sjå korleis dei organiserer fastlegetenesta.

Program

Kl. 10.00 – 11.30: Besøk og omvising på Hernes Institutt.

Statsråden får omvising og møter tilsette og pasientar. HelseINN og Terningen arena kjem også, og orienterer om deira arbeid.

Stad: Hernes Institutt, Instituttvegen 34, 2410 Hernes

 

Kl. 12.20 – 13.45: Besøk på Brumunddal legesenter.

Her skal statsråden høyre om korleis dei har jobba med primærhelseteampiloten, og kva erfaringar pasientane har.

Stad: Brumunddal legesenter, Pargården kjøpesenter, Nygata 22B, 2380 Brumunddal

 

Kl. 15.00 – 16.00 Østre Toten.

Møte med Østre Toten kommune for å høyre korleis dei organiserer fastlegetenesta.  

Stad: Lena legesenter, Kinogt. 34, 2850 Lena

 

Pressa er velkomne til å delta på alle arrangement.

 

Kontakt

For helse- og omsorgsministeren: Kommunikasjonsrådgjevar Katarina Theis-Haugan. Tlf: 970 792 07. E-post: katarina.theis-haugan@hod.dep.no