Presseinvitasjon

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol besøker Tromsø 24. november

Torsdag 24. november besøker Ingvild Kjerkol Tromsø. Ho besøker ungdomshuset Tvibit og Universitetssjukehuset i Tromsø (UNN).

På Tvibit vil ho mellom anna møte studentar, tilsette og brukarar på Psykhjelpen, som blir drifta av vidarekomne psykologistudentar under rettleiing av psykologspesialistar. 

På sjukehuset skal ho besøke akuttmedisinsk klinikk, Pusterommet, nyføddintensiv og føde/barselavdelinga.  

Program

09.00 - 10.30: Besøke ungdomshuset Tvibit
Tvibit er eit senter for kultur og kreativ verksemd som utviklar menneske gjennom medverknad og mobilisering av eigen kraft. I tillegg til Psykhjelpen for ungdom, vil statsråden møte meistringsgruppa Blues Mothers for nybakte mødre og lågterskeltilbodet i kommunen. 
Stad: Parkgata 27, Tromsø

11.00 - 15.00: Besøk ved Universitetssjukehuset Tromsø (UNN)
Stad:
Sykehusvegen 38, Tromsø

11.00 - 12.00: Møte med leiinga og tillitsvalde på UNN. Møtet er ikkje ope for pressa, men det blir mogleg for kommentar i etterkant. 
Stad: Auditoriet

12.00 - 13.00: Omvising på akuttmedisinsk klinikk. Tur med ambulansehelikopter viss vêrforhold og andre praktiske omsyn tillet det. Samtale med deltakarar i TV-serien 113
Stad: Akuttmottak B2-5/AMK

13.00 - 13.45: Omvising på det nyopna Pusterommet, eit trenings- og aktivitetssenter for kreftpasientar. Pusterommet er etablert i samarbeid mellom sjukehuset og stiftinga Aktiv mot kreft. 
Stad: Container utanfor sjukehusbygninga

13.45 - 14.15: Besøk på nyfødd intensiv
Stad: B5

14.15 - 15.00: Besøk på føde/barsel-avdelinga. Informasjon frå leiinga i avdelinga og prat med ei mor med nyfødd barn. 
Stad: C2-5

Pressa er velkomen til å vere med på heile eller delar av besøket. 

Kontaktperson er seniorrådgjevar Anne Kathrine Aambø. E-post akaa@hod.dep.no, mobil 412 93 018.