Presseinvitasjon:

Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre er i Brussel 24. mai

Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre er i Brussel for å ha samtalar med mellom anna visepresident i Europakommisjonen Maroš Šefčovič og kommissær for humanitær bistand og krisehandtering Janez Lenarčič.

Tema for samtalane er mellom anna norsk deltaking i EU sin styrka helseberedskap, strategiske prioriteringar framover på helseområdet.

Program:

  • Kl. 11.00: Møte med visepresident Maroš Šefčovič
  • Kl. 12.00: Møte med kommissær for humanitær bistand og krisehandtering Janez Lenarčič
  • Kl. 13.00: Samtale med norsk presse.
    Stad: Noreg sin delegasjon til EU