Presseinvitasjon:

Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre til Brussel 23. mai

Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre reiser til Brussel fredag 23. mai for å møte EU sin kommissær for likestilling, beredskap og krisehandtering Hadja Lahbib for samtalar om Noreg si deltaking i EU sitt styrkte helseberedskapssamarbeid.

Vestre vil vere tilgjengeleg for intervju i etterkant av møta, om lag kl. 15.20 utanfor Berlaymont.

Pressekontakt: Hilde Sandvær, kommunikasjonsansvarleg ved Noregs delegasjon til EU, hilde.mortensen.sandvaer@mfa.no, +32 (0) 477 86 04 01