Her skal dei nye studentbustadene til regjeringa byggast

Kunnskapsdepartementet har fordelt pengar til nye studentbustadar. Til saman blir det gitt pengar til 1 630 nye studenthyblar. Studentsamskipnaden i Gjøvik, Ålesund og Trondheim (Sit) toppar lista med 682 nye hyblar. Sjå heile oversikta nedst i saka.

- Studentbustader bidreg til eit trygt og rimeleg butilbod for studentane gjennom studietida. Difor har regjeringa prioritert å bygge historisk mange studentbustadar. Sidan 2014 har det kome pengar til 17 650 studentbustadar, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim(H).

Det er studentsamskipnadene som søkjer om bygging av nye studentbustadar. Kunnskapsdepartementet har i år innvilga tilskot til alle søknadane, og det blir gjeve støtte til 17 prosjekt fordelte på 7 studentsamskipnadar og ei stifting. Tildelinga betyr at det blir gjeve tilskot på totalt nærare 600 millionar kroner. 

Dei største og fleste prosjekta i årets søknadar er knytte til nybygg. Studentsamskipnaden i Gjøvik, Ålesund og Trondheim (Sit) er den studentsamskipnaden som har søkt, og fått tilskot til flest studentbustadar. Fire av prosjekta til Sit er knytte til kjøp av eigedom som skal byggast om til nye studentbustadar, medan dei resterande ni er nybyggprosjekt.

Studentbustadbygginga har ikkje vorte forseinka av korona


Trass i eit krevjande år ser det ikkje ut til at pandemien har forseinka bygginga av studenbustadar.  I 2020 er det sett i gong bygging av over 2200 studenthyblar.

- Det er gode nyheiter både for byggebransjen og studentane at det ikkje har vore store forseinkingar av studentbustadbygginga grunna korona. Det betyr at vi kan sjå fram til innflyttingsklare studentbustader om ikkje alt for lenge, seier Asheim.

Bygginga har dei siste åtte åra vore høgare enn før. Sidan 2015 er det gjeve tilsegn til mellom 2200 og 2500 studentbustadar årleg. Unntaksåret var 2019 då det vart tildelt pengar til rundt 1500 hybeleiningar. At det vart gitt få tilsegner dette året kjem av at mange av søknadane var oppgraderingsprosjekt som ikkje vart godkjente.

Eit kriterie for å få pengar er at støtta skal gå til å auke delen av studentbustadar gjennom bygging av nye bustadar, eller ved kjøp eller ombygging av eksisterande bustadmasse.

Pilot på kombinerte sjukeheimar-/omsorgsbustadar og studentbustadar

Av den totale potten blir det sett av 7 450 000 kroner i tilskot til 20 hybeleiningar i samband med etablering av ein pilot der ein skal kombinerte sjukeheimar-/omsorgsbustadar og studentbustadar.

- Dette er eit veldig spennande prosjekt som kan gagne både studentane og dei eldre. Studentane får redusert leige ved å vere med  i sosiale aktiviter med dei eldre. Det kan bidra til å redusere einsemd og skape fine møte mellom generasjonar, seier Asheim. 

Det er førebels ikkje avgjort kven som skal drive dette prosjektet.

Tildelingar 2021:

 

 

Samskipnad

 

 

Prosjekt

 

 

Tiltak

 

Talet på  hybel-einingar

 

Maksimalt tilskot

 


Studentsamskipnaden i Agder

 

Kristiansand, Gimle 4

 

 

Nybygg

 

 

200

 

 

74 500 000

 


Studentsamskipnaden SiO

 

 

Kringsjå III

 

 

Nybygg

 

 

350

 

 

130 375 000

 


Studentsamskipnaden i Østfold

 

 

Halden

 

 

Nybygg

 

 

33

 

 

10 490 700



Studentsamskipnaden Gjøvik, Ålesund og Trondheim

 

 

Elgseter gt 23

 

 

Kjøp

 

 

35

 

 

13 037 500



Studentsamskipnaden Gjøvik, Ålesund og Trondheim

 

 

Rosenborg

 

 

Kjøp/ombygg

 

 

135

 

 

50 287 500



Studentsamskipnaden Gjøvik, Ålesund ogTrondheim

 

 

Moholt

 

 

Ombygg

 

 

45

 

 

16 762 500



Studentsamskipnaden Gjøvik, Ålesund og Trondheim

 

 

Kloster gt 56

 

 

Nybygg

 

 

17

 

 

6 332 500



Studentsamskipnaden Gjøvik, Ålesund og Trondheim

 



Røverdalen

 

 

Nybygg

 

 

15

 

 

4 768 500



Studentsamskipnaden Gjøvik, Ålesund og Trondheim

 


Nardovegen 12  og 14

 

 

Nybygg

 

 

435

 

 

162 037 000



Studentsamskipnaden på Vestlandet

 


Rommetveit



Ombygg/ Nybygg

 


6

 


1 907 400


Studentsamskipnaden på Vestlandet

 

Vieåsen

 

Nybygg

 

9

 

2 861 100



Studentsamskipnaden på Vestlandet

 


Fantoft



Ombygg/
Nybygg

 


29

 


10 802 500


Studentsamskipnaden på Vestlandet



Sandvikenbrygge

 

Kjøp/ombygg

 

51

 

18 997 500


Studentsamskipnaden på Vestlandet


Guridal
Fossahaugene

 

Nybygg

 

93

 

29 564 700


Studentsamskipnaden i Stavanger

 

Rennebergstien

 

Nybygg

 

150

 

55 875 000


Studentsamskipnaden i Innlandet

 

Østregate 1

 

Kjøp/ombygg

 

13

 

4 132 700


Blindern 
Studenterhjem

 

Nordfløy

 

Nybygg

 

14

 

5 215 000

Fakta:

I år vart forskrifta og retningslinjene for studentbustadtilskotet endra. I dei nye retningslinjene kan utgifter til kjøp av tomt bli haldne utanfor den totale kostnaden ein melder inn i søknaden. Det gir samskipnadane meir fleksiblitet når dei søkjer om tilskot.