Invitasjon til digitalt høyringsmøte om føreslåtte endringar i kompensasjonsordninga for kulturlivet

Informasjon om koronasituasjonen endrar seg raskt og kan derfor vere utdatert.

Sjekk temasida Koronasituasjonen for siste nytt frå regjeringa, eller Helsenorge.no for oversikt over råd og reglar om koronaviruset. 

Kultur- og likestillingsdepartementet inviterar kulturbransjen til digitalt høyringsmøte fredag 7. januar kl. 1000 – 1200.

Politisk leiing i Kultur- og likestillingsdepartementet vil delta på møtet. Høyringsmøtet gjeld utkast til endringar i kompensasjonsordninga for kulturlivet. Forskrifta med endringar vart sendt på høyring 22. desember 2021, med høyringsfrist 11. januar 2022. Forskrifta er for perioden 1. november 2021 til 28. februar 2022.

Departementet ber om at møtedeltakarane forbereder konkrete innspel og eventuelle spørsmål knytt til dei føreslåtte endringane i kompensasjonsordninga. For at flest mogleg skal slippe til oppfordrar vi deltakarane – der det ligg til rette for det - til samarbeid om felles innspel.

Lenkje til digitalt møterom og rekkjefølgje for innspel vil bli sendt ut via e-post til alle påmeldte innan utgangen av torsdag 6. januar.

Påmeldingsfristen var torsdag 6. januar kl 13.00