Presseinformasjon:

Huitfeldt vitjar Midtvesten

Utanriksminister Anniken Huitfeldt reiser til Minnesota og Iowa 22. – 24. september.

Ho skal besøkje Minneapolis i Minnesota og Decorah i Iowa. Både Minnesota og Iowa har sterke norsk-amerikanske røtter. Minnesota har 5,7 millionar innbyggjarar, og kvar sjuande seier dei har norske anar. Den norske utvandrar-arven er også svært synleg i Decorah i Iowa.

Laurdag 23. september skal Huitfeldt innvie eit nybygg designa av Snøhetta på Vesterheim-museet i Decorah. Det er USAs nasjonale norsk-amerikanske museum, og det eldste og mest omfattande museumet i USA for ein enkelt, etnisk immigrantgruppe. Museet har over 33 000 objekt, 12 historiske bygningar og eit bibliotek og arkiv som fortel historia til dei norske utvandrarane til USA.

Ho skal òg halde eit foredrag og møte studentar på tradisjonsrike Luther college, det eldste som er grunnlagt av norske immigrantar. Huitfeldt skal óg møte ein kongressrepresentant frå Minnesota fredag 22. september.

Presse som er interessert i å dekkje besøket, kan gjerne ta kontakt.

Pressekontakt: kommunikasjonsrådgivar Ragnhild H. Simenstad, ragnhild.simenstad@mfa.no, mobil 917 17 459.