Historisk arkiv

HVL og UiB får 20 millionar til styrking av kvalitet og samarbeid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) får 15 millionar kroner til arbeidet for å styrke kvaliteten etter samanslåinga. Universitetet i Bergen (UiB) får 5 millionar kroner til same føremål.

– Fusjonar gir mange moglegheiter, men er ressurskrevjande å gjennomføre. Difor bidreg regjeringa med ekstra pengar både til Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Bergen, seier forskings- og høgare utdanningsminister, Iselin Nybø.

HVL blei oppretta 1. januar 2017, då Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund blei slått saman. Til saman har HVL fem studiestader i Bergen, Førde, Sogndal, Haugesund og Stord.

1. januar 2017 slo også UiB og Kunst- og designhøgskulen i Bergen seg saman.

Regjeringen har i fleire rundar bidrege med pengar som går til samarbeid, arbeidsdeling, konsentrasjon og samanslåing (SAKS) for å styrke kvalitetsutviklinga i universitets- og høgskulesektoren.

Strukturreformen førte til at Noreg gjekk frå 33 statlige universitet og høgskular til 21. Det er ein omfattande reform som har gitt færre, men sterkare institusjonar.

– Vi har høge ambisjonar for HVL og UiB. Større og meir robuste fagmiljø styrker institusjonane. Det gjer oss også meir attraktive for internasjonale studentar og forskarar, seier Nybø.