Presseinformasjon

Utanriksministeren deltek på uformelt WTO-møte i Davos

- Verdas handelsorganisasjon - WTO - er viktig for å forme globaliseringa gjennom internasjonalt samarbeid. Internasjonal handel er ein av føresetnadane for at verda skal nå bærekraftsmåla, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide.

Utanriksminister Eriksen Søreide deltek på det uformelle ministermøtet om WTO som finn stad 25. og 26. januar i samband med Verdas økonomisk forum (WEF) i Davos. Det uformelle ministermøtet er ein viktig arena for politiske diskusjonar om det vidare arbeidet i WTO og diskusjonar om vidareutvikling av WTOs avtaleverk. Utanriksministeren deltek på møtet saman med representantar for 30 medlemsland.

- Norsk næringsliv er heilt avhengig av opne marknadar og føreseielege, felles kjørereglar for internasjonal handel. Alle WTO-landa må gå saman for å bygge tillit og forståing, og for å kunne skape framgang i forhandlingane i WTO, seier utanriksministeren.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Frode O. Andersen, frode.overland.andersen@mfa.no, +47 917 22 022

Til toppen