Presseinformasjon

Utanriksministeren til Etiopia

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt besøker denne veka Etiopia og deltek på utanriksministermøtet i Den afrikanske union (AU).

Utanriksministermøtet finn stad i Etiopias hovudstad, Addis Abeba, onsdag 15. og torsdag 16. februar.

AU-møtet er den viktigaste møteplassen for afrikanske leiarar. Utanriksministeren er ein av få ikkje-afrikanske leiarar som deltek.

Dette er eit høve til å diskutere dei sakene som opptek afrikanske land direkte med dei det gjeld. Det gjeld ikkje minst konsekvensane Ukraina-krigen har for dei afrikanske landa, med auka prisar på korn, gjødsel, mat og energi.

Det er fyrste gongen utanriksministeren besøker Etiopia, og ho vil ha eigne møte med etiopiske styresmakter og andre afrikanske leiarar under opphaldet. Etiopia er den nest største mottakaren av norske bistandsmiddel og har vore ein sentral partnar i klima- og skogsamarbeid i mange år.

Noreg er ein stabil og langsiktig partnar i Afrika. Møtet er ein arena for å styrke relasjonen til afrikanske utanriksministrar og andre afrikanske gjestar. Besøket gir og eit høve til konsultasjonar i samband med Noregs arbeid med ein ny Afrika-strategi.

AU-toppmøtet er det fyrste som vert arrangert fysisk sidan pandemien.

Noreg er medarrangør av eit sidearrangement på konferansen som har som mål å betre den internasjonale responsen på humanitære katastrofar i Afrika. AU har som mål å etablere eit nytt organ, African Humanitarian Agency, og Noreg støtter initiativet.

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, ane.lunde@mfa.no, 97 67 12 50