Presseinformasjon

Pressemøte med FNs høgkommissær for flyktningar

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

FNs høgkommissær for flyktningar Filippo Grandi, justisminister Emilie Enger Mehl og utanriksminister Anniken Huitfeldt er tilgjengeleg for media tysdag 8. mars kl. 08.40.

I samband med at FNs høgkommissær for flyktningar Filippo Grandi er i Noreg og møter justisministeren og utanriksministeren, møter dei pressa. Grandi kjem direkte til Noreg frå besøk i Romania, Moldova og Polen i samband med flyktningsituasjonen i Ukraina sine nærområde.

Stad: Riddervoldsgate 2
Når: Tysdag 8. mars, kl. 08.40.

Oppmøte for pressefolk i Riddervoldsgate 2, seinast kl. 08.15. Ta med pressekort og gyldig ID.

Påmelding til rhs@mfa.no innen måndag 7. mars, kl. 16.00.