Presseinformasjon

Utanriksminister Huitfeldt til samtalar i Finland

Utanriksminister Anniken Huitfeldt reiser til Helsingfors onsdag 26. januar for samtalar om situasjonen Russland-Ukraina og europeiske tryggingsspørsmål med sin finske kollega Pekka Haavisto.

Huitfeldt vil også ha møte med president Sauli Niinistö. 

Samtalane kjem i stand på grunn av den spente tryggingssituasjonen i og rundt Ukraina. Dei vil også drøfte andre aktuelle internasjonale og nordiske spørsmål. Dette er fyrste gong Huitfeldt besøkjer Finland som utanriksminister.

Huitfeldt og Haavisto held pressekonferanse i etterkant av møtet på Regjeringas gjestehus. På grunn av koronasituasjonen er pressekonferansen digital kl. 14.15. Sjå informasjon frå det finske utanriksdepartementet om oppkobling under.

Det er mogleg å fotografere dei to utanfor Regjeringas gjestehus før møtet startar kl. 12.

Om den digitale pressekonferansen frå det finske utanriksdepartementet: "The press conference will begin at 14.15 EET. Please register by Wednesday 26th January at 14:00 (EET) via this link.

Registered journalists will be sent a link to the press conference in Microsoft Teams.

Please use the same name for both registration and the press conference. Only persons whose names are on the list of registered journalists can attend the press conference." 

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, ane.lunde@mfa.no T: 97 67 12 50