Presseinformasjon

Litauens utanriksminister besøkjer Noreg

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt har invitert Litauens utanriksminister til Noreg for samtalar om tryggingspolitikk og utviklinga i Europa.

Utanriksminister Gabrielius Landsbergis besøkjer Noreg 24.-26. november.

Dei to utanriksministrane skal møtast i Oslo torsdag kveld 24. november.

Dei vil vere tilgjengeleg for presse som ønskjer kommentarar eller bilete.

Fredag 25. november reiser dei til Bardufoss der dei mellom anna skal sjå korleis Forsvaret øver til utestasjonering i Litauen.

Fredag kveld møter utanriksministrane representantar for sivilt samfunn og akademia i Tromsø.

Presse som ønskjer å dekke gjestinga i Bardufoss må akkreditere seg hos Forsvaret.

Påmelding innan måndag 21. november kl 09:00 til e-postadressa rytterstad@mil.no.  Ta med gyldig pressekort og ID.

Pressekontakt for utanriksminister Huitfeldt: Tuva Bogsnes, tuva.bogsnes@mfa.no mob: 93 23 18 83 (med på reisa).
Pressekontakt for utanriksminister Landsbergis: Gina Kazlauskiene,   Gina.Kazlauskiene@urm.lt