Presseinvitasjon:

Innspelsmøte om fødsels- og barselomsorga

Tysdag 3. juni møter helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre organisasjonar innan fødsels- og barselområdet.

Svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg er ein viktig del av dei offentlege helsetenestene. Helseministeren har derfor invitert interesseorganisasjonar på området, samt fagfolka sine organisasjonar, til eit innspelsmøte for å få løfta utfordringar og forslag til forbetring.

Tid: Tysdag 3. juni kl 09.00 – 10.00. Pressetilgjengelegheit 10.00 – 10.30.
Stad: Helse- og omsorgsdepartementet, Teatergata 9.

Pressa er velkomen til å gjere intervju på slutten av møtet. Journalistane kan melde si interesse til kommunikasjonsrådgivar Elisabeth Johansen.